Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Dagsturhytta i Gloppen var den første til å bli opna og ligg på staden Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. (Foto: Geir Skagen)
Dagsturhytta
I løpet av 2018 skal kvar kommune i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter med nynorske turbibliotek på eit turmål i kommunen.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Fysisk aktivitet for alle.
Presentasjonsfilm
Her kan du sjå ein presentasjonsfilm av dagsturhytteprosjektet, frå monteringa av hytta på Ytre Eikum i Luster. Filmen er laga av Falkeblikk Film Productions.
Gloppen først ut
Hytta i Gloppen var den første til å bli opna. Opninga fann stad 8. desember 2017, i sludd og snøvêr, men med opningskonsert med Good Time Charlie og svært god stemning på Draumekvila i Trivselsskogen.
Hyttene i Gloppen, Jølster, Eid, Luster og Flora er også på plass og vert opna utover våren 2018.
Oversikt over kvar det er/kjem hytter
Tabellen vert oppdatert.
Kommune | Plassering | Planlagd montering |
---|---|---|
Askvoll | Nyksvatnet | November 2018 |
Aurland | Vinjaåsen | August 2018 |
Balestrand | Gulleplenipa | August 2018 |
Bremanger | Veten | September 2018 |
Eid | Naustdalskamben | På plass |
Fjaler | Bygdeheia | November 2018 |
Flora | Fløgjen ved Hatlesetnipa | På plass |
Førde | Ikkje bestemt | November 2018 |
Gaular | Kårstadskaret | November 2018 |
Gloppen | Draumekvila i Trivselsskogen | På plass |
Gulen | Løypingsåsen | Desember 2018 |
Hornindal | Ikkje bestemt | September 2018 |
Hyllestad | Sørefjordsvatnet | Desember 2018 |
Høyanger | Synken | Desember 2018 |
Jølster | Fugledalen | På plass |
Leikanger | Eggjahaugane | August 2018 |
Luster | Ytre Eikum | På plass |
Lærdal | Mjølkeflaten | August 2018 |
Naustdal | Ikkje bestemt | November 2018 |
Selje | Risnakken | August 2018 |
Sogndal | Stedjeåsen | August 2018 |
Solund | Avløypeneset | November 2018 |
Stryn | Kloppemyra | September 2018 |
Vik | Ikkje bestemt | August 2018 |
Vågsøy | Kletten | August 2018 |
Årdal | Moakamben | August 2018 |
I Fylkesatlas kan du også sjå i kart kvar hyttene skal kome. Kartet blir oppdatert etter kvart som fleire kommunar bestemmer plassering for hytta si.
Lågterskeltilbod
Dagsturhytta skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Ho er om lag 15 kvadratmeter og har verken varme, straum eller sanitæranlegg. Hytta er ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Ein del kommunar har i tillegg bestemt seg for å byggje ein utedo i tilknyting til hytta. Om lag halvparten av kommunane vil også installere solcellepanel i hytta, medan andre igjen utstyrer hytta med varmeomn.
Plasseringa av hyttene er valt/skal veljast ut av administrasjonen i kommunen – eller ved hjelp av lokalt engasjement.
Nynorsk turbibliotek
Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur. Boksamlinga er sett saman av hovudsakleg barnebøker. Folkebiblioteka har tilsynet med turbiblioteka i kommunane sine og supplerer med eigne bøker om friluftsliv, natur, segner og eventyr, lokale kulturminne, turmat, dyreliv, dikt og anna.
Fylkesbiblioteket har søkt og fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til eit toårig prosjekt for å skape aktivitet og stimulere til bruk av både hyttene og turbiblioteka, og for å prøve ut kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet/tur. Nasjonalbiblioteket løyvde 400 000 kr til prosjektet i 2017, og fylkesbiblioteket har søkt om tilsvarande sum for 2018. Midlane skal gå til fleire turnear med m.a. teater og forfattarbesøk i dagsturhyttene i 2018 og 2019. Målgruppene er barnehagar, skular og flyktningar.
Turbiblioteket i hytta i Trivselsskogen på Sandane.
Blir bygde i Masfjorden
Hytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og blir bygd av Reknes Byggjevarer. Dei byggjer hyttene på lageret sitt i Masfjorden, før dei blir frakta til stadane der dei skal monterast.
Dagsturhyttene blir i hovudsak finansierte ved hjelp av spelemidlar, med pengar frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941