blank blank
Samferdsle
For å skape eit attraktivt fylke, er det viktig med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar. Dersom Sogn og Fjordane ikkje skal tape i kampen om arbeidskrafta og dersom næringslivet i fylket skal vere konkurransedyktig også i framtida, er det naudsynt med eit effektivt transportsystem.

Veg

Trafikkutvikling/Transportstraumar

Store deler av det eksisterande vegnettet er utvikla i ei tid med lågare trafikkmengder og andre standardkrav enn dagens. Det betyr at ein stor del av det eksisterande vegnettet ikkje har ein standard som svarer til krava som gjeld når ny veg skal byggjast i dag. Det krev store ressursar å ta vare på og utvikle det eksisterande vegnettet til ein standard som samfunnet meiner er akseptabel med tanke på framkome, tryggleik og miljø. Summen av krav og ønske om nye vegprosjekt, betre vegstandard og betre vedlikehaldsstandard, er svært mykje høgare enn dei økonomiske rammene i vegsektoren.

Bilbestand i Sogn og Fjordane. Kjelde: SSBSom stolpediagrammet syner, har talet bilar i Sogn og Fjordane gått drastisk opp sidan 2003, omlag 15 %. Fleire bilar på vegnettet set ytterlegare krav til vegnormalar og standard.

 

 

 

 

 

Årsdøgn trafikk. Kjelde: NVDBFor gods og persontransport spelar nok vegane i Sogn og Fjordane ei større rolle enn elles i Noreg, fordi fylket ikkje har utbygd jernbane (med unnatak av Flåmsbana). 42 % av vegane fylket har låg årsdøgntrafikk (ÅDT) på under 300 køyrety. Dei vegane med høgst ÅDT ligg rundt dei største sentra (Florø, Førde og Sogndal).

 

 

 

 

 Trafikktryggleik

Ulykkessituasjonen i Sogn og Fjordane 1999 - november 2010. Kjelde: SSBAnalysar syner at utforkøyringsulukker utgjer størstedelen av dødsulukkene i fylket (omlag 40 %). Møteulukker og ulukker der fotgjengarar er involvert utgjer kvar for seg om lag 20 % av dødsulukkene. Ei dødsulukke i trafikken vart i 2009 kostnadsrekna til omlag 33 mill. kr ifølgje Statens vegvesen. Ei trafikkulukke der ein person vert hardt skadd vart kostnadsrekna til nær 10 mill. kr. I samband med trafikktrygging fekk Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2010, utarbeidd ein 4-årig trafikktryggingsplan. Dette var den 6. i rekkja i sitt slag og vart utarbeidd for styrke arbeidet med trafikktrygging.

 

 

Tal drepte etter aldersgruppe. Kjelde: SSBMed bakgrunn i ein null-visjon er målsetjinga for fylket å redusere talet på drepne og hardt skadde med minst ein tredel i høve snittet frå 2005 -2008 (147 personar) innan 2020. Dette er ei målsetjing tilsvarande målsetjinga i Nasjonal transportplan. For å nå denne målsetjinga er det viktig med høg prioritet på trafikktryggingsarbeidet hjå alle dei sentrale aktørane på området.

 

 

Ras

Tal registrerte skred pr. år i Sogn og Fjordane. Kjelde: Statens vegvesenAlle typar skred representerer i større eller mindre grad ein risiko for menneske og vegnett. Dei fleste skredhendingane her i fylket kan skrivast til naturtilhøva- berggrunn, lausmassefordeling, topografiske tilhøve, gradient og temperatur- og nedbørvekslingar. Menneskerelatert aktivitet, som avskoging, sprenging ol., vil også kunne påverke frekvensen av dei fleste typar skred. Med den topografien som finst i Sogn og Fjordane vil det vera tilnærma umogleg å sikre seg mot at det går skred, men på dette området er det brukt mykje ressursar dei siste åra. Det er fullført eller under bygging ei rekkje høgt prioriterte rastiltak. I 2006 vart det laga ein rassikringsplan som definerte og kategoriserte rasutsette punkt langs vegnettet i fylket og kvart år vert det sett av øyremerka midlar over statsbudsjettet til rassikringstiltak. I 2010 låg desse løyvingane på 1 mrd. på landsbasis og vert fordelt med femti prosent på høvesvis riksvegnettet og fylkesvegnettet.

Av diagrammet kan ein lese at det er steinras/-sprang som utgjer størstedelen av skreda i Sogn og Fjordane. Talet og frekvensen av dei ulike skredtypane kan i hovudsak skrivast til klimaet kvart einskilt år. Diagrammet syner ein relativ kraftig nedgang av registrerte skred per år i Sogn og Fjordane frå 2005 til 2006. Det kjem og fram ein merkbar nedgang frå 2008 til 2009.

Kollektiv

Buss

Tal reisande buss. Kjelde: SSBRutetilbodet heng godt saman med relativt gode korrespondansepunkt og daglege rutesamband på kryss og tvers av fylket. Tabellen under syner utviklinga på tal reisande med buss.

Tal reisande med buss i fylket har gått ned dei siste åra. Ein kan likevel sjå ein tendens til oppgang frå 2008 til 2009.

 

 

 Drosje

Drosjekstatistikk 2007 - 2009. Kjelde: SSBDrosje er ei viktig brikke i persontransporten. Dei har og ei viktig rolle i kollektivtrafikken der dei supplerer bussane på ruter med få passasjerar og tingingsruter. I Sogn og Fjordane har vi omtrent 130 hovudløyve for drosje. I tillegg er det utdelt omlag 50 reserveløyve, der det et stilt krav om at løyva skal vere lagt til rette for funksjonshemma.

Diagrammet syner utviklinga for nøkkeltal innan drosjenæringa.

 

 

 

Skulereise

Skulereise 2006 - 2009. Kjelde: SSBOm lag 47 % av km i kollektivtrafikk på veg er bunde til skuleskyss. Skuledelen av lokale båtruter er enda større.

Delen skuleskyss vil kvart år vere avhengig av demografien på skuleborn/ungdom med rett til skuleskyss. Etter opplæringslova har elevar i 2. - 10. klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen rett til gratis skyss. Elevar i vidaregåande skule som bur meir enn seks kilometer frå skulen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

 

Tal elevar grunnskule - VGS med rett på skuleskyss. Kjelde: SSbFor elevar i 1. klasse/førskulen er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. Når det er nødvendig har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reislengda. Elevar i vidaregåande skule har rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda når det er nødvendig. Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.  

 

 

Luftfart

Luftfart. Kjekde: SSBLuftfarten spelar ei vesentleg rolle for transporttilbodet i Sogn og Fjordane. Fylket har 4 regionale flyplassar – Sogndal, Førde, Florø og Sandane. Desse har ein viktig regional funksjon, særskilt for næringslivet i fylket. Flyselskapa Widerøe og Danish Air Transport (DAT) har daglege ruter mellom dei regionale flyplassane og Bergen/Oslo.

Av diagrammet kan ein lese at det har vore jamn auke i reiser til/frå dei regionale lufthamnene i Sogn og Fjordane. Hovden lufthamn, Ørsta/Volda ligg ikkje i Sogn og Fjordane, men er tatt med fordi den er ei viktig lufthamn for fylket sidan den ligg i same akse som dei andre lufthamnene. Den tok også unna ein god del av passasjerane frå Anda lufthamn, Sandane då denne var stengt frå mars til ultimo august 2010. Som ein ser av diagrammet opplevde Hovden lufthamn ein eksplosiv vekst frå 2007. Denne veksten kan ein nok sjå i samband med opninga av Eiksundsambandet i 2008.

Ferje

Trafikkmengde ferje. Kjelde: SVVFerjer knyter fylket saman, men kan òg verke som ein barriere. Sogn og Fjordane er avhengige av eit godt fungerande ferjetilbod.

Summen av køyrety på ferjene i fylket har auka relativt mykje dei siste 10 åra.

 

 

 

 

Relevante lenkjer:
Opplysningsrådet for vegtrafikk
Handlingplan for trafikktrygging 2010-2013
Fylket med lågast ulukkeskostnad
Rassikring
Skredtabell heile landet
Ferjestatistikk


Publisert av: Jo Tore Kristoffersen
Dato: 22. desember 2010 - kl. 12:18


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012