|
Mineralressursar
Sogn og Fjordane er rik på naturressursar som vatn, vind, skog og mineraler i eit attraktivt landskap. Fylket har mykje verna areal.
Mineralproduksjon i Sogn og Fjordane
I 2009 vart det produsert mineralske råstoff for 336 millionar kroner, der mesteparten var produksjon av pukk til eksport. Fem bedrifter produserer naturstein, medan det er ein industrimineralbedrift i produksjon. Per i dag er det ingen produksjon av metall, men det vert planleggt oppstart av gruvedrift på titanråstoff (rutil i eklogitt).
|
Mineral
|
Verdi i kroner
|
Tilsette
|
|
Byggjeråstoff
|
238 870 227,-
|
199
|
|
Naturstein
|
21 340 000,-
|
15
|
|
Industrimineral
|
31 000 000,-
|
21
|
|
Metaller
|
0,-
|
0
|
|
Sum
|
336 210 227,-
|
235
|
- Mineralressursar med utviklingspotensial på kort sikt: nye pukkforekomstar, småskala natursteinsdrift.
- Mineralressursar med potensial gjennom teknologisk innovasjon: andre rutilforekomster enn Naustdal, anortositt.
- Mineralressursar som kan bli aktuelle ved økande interesse frå industri: kvarts og talk.
- Mogligheiter for å finne nye mineralressursar: i første rekke platina-gruppe metaller i Jotundekkene.
- Fylket er vidare svært rikt på geologiske attraksjonar og verneverdige lokalitetar, men dette er ufullstendig kartlagt og formidla.
Metall
 |
Eklogittar i Sunnfjordområdet inneheld mineralet rutil, som er eit titan-råstoff. Gruvedrift er under planlegging i Naustdal. Det finnst også fleire førekomstar i området som berre er overflatisk undersøkt. Om desse vil bli interessant for drift i framtida avheng av utviklinga i Naustdal og utvikling av teknologi for prosessering av råstoffet. |
Industrimineraler
|
|
Det er registrert totalt 31 førekomstar av olivin, talk, kvarts og feltspat. 7 førekomstar er vurdert som svært viktig eller viktig.
Anortositt (feltspat-bergart) i Indre Sogn kan bli svært interessant dersom/når det skjer eit teknologisk gjennombrot i karbonsyreoppløysing av silikatbergarter . Anortositt kan bli eit framtidig aluminium-råstoff. Kvarts kan opptre som små og store linser i fyllitter i indre del av fylket.
|
Naturstein
 |
Det er registrert 35 kvernsteinsførekomstar (Hyllestad, kun historisk interesse), 31 blokksteinsførekomster (av desse er nokon kleberstein av historisk interesse) og 22 skiferførekomstar. 6 av førekomstane er vurdert som viktig; dette gjeld konglomerat og breksje i ytre del av fylket, samt gneis- og skiferførekomstar som vert teke ut som murestein/heller |
Pr i dag er det 29 pukkførekomster i drift, totalomsetninga 265 mill.kr. og eksport 206 mill.kr. 169 årsverk er direkte sysselsatt. NGU: Det er stort utviklingspotensialet for nye pukkførekomster av sandstein, eklogitt, kvit granitt, anortositt og gneis. Database for pukk og grus, NGU
Publisert av: Jo Tore Kristoffersen Dato: 31. januar 2012 - kl. 12:45
|