blank blank
Natur og friluftsliv
Sogn og Fjordane er rik på naturressursar som vatn, vind, skog og mineraler i eit attraktivt landskap. Fylket har mykje verna areal. Samtidig er Sogn og Fjordane eit av fylka med størst vasskraftproduksjon. Fylket ligg også i toppen når det gjeld potensial for utbygging av ny fornybar energi.

Verna areal

Til saman er det 141 verna naturområde i Sogn og Fjordane. Av desse er 4 nasjonalparkar, 122 naturreservat, 10 landskapsvernområde og 5 område med fuglelivsfreding. Naturvernområda i fylket utgjer totalt 4079 km2 landareal og 195 km2 sjøareal

Verna areal i Sogn og Fjordane

Det verna landarealet utgjer ca 21,9 % av Sogn og Fjordane, medan 4,2 % av sjøarealet innanfor grunnlinja i fylket er verna i dag. Sjølv om fylket er blant dei som prosentvis har mykje verna areal i landet, er det berre ein svært liten del av dei produktive låglandsområda som er verna. Nesten 90 % av det verna landarealet i fylket ligg høgare enn 800 meter over havet, og ein vesentleg del av den verna naturen er is og snø.

Vern etter naturvernloven. Kjelde: Direktoratet for naturforvaltiningNasjonalpark: Større område som er urørte eller lite rørte av inngrep, eigenarta eller særs vakre, og som blir oppfatta som ein viktig del av vår felles naturarv.

Landskapsvernområde: Eigenarta eller vakkert natur- eller kulturlandskap, der det ofte er ønskjeleg å ta vare på historiske dimensjonar i landskapet.

Naturreservat: Område som har urørt eller tilnærma urørt natur eller representerer ein spesiell naturtype, som regel av verdi for forsking og undervising. Verneforskriftene er jamt over strengare enn for nasjonalparkar og landskapsvernområde.

Naturminne: Geologiske, botaniske eller zoologiske førekomstar kan få status som naturminne på grunn av vitskapleg eller historisk interesse.

Plante- og dyrelivsfreding: (§ 14 i naturvernlova) Slik freding kan gje vern for plante- og dyreartar eller samfunn med fleire artar som er sjeldne eller står i fare for å forsvinne.

Vilt og jakt
 
Sogn og Fjordane er det fylket det vert felt mest hjort. Det vart, i 2009, felt 11 280 hjortar i Sogn og Fjordane av totalt 35 686i Noreg.
 
5 000 ryper vart felt i Sogn og Fjordane, i jaktsesongen 2009/2010, av ca. 164 000 på landsbasis.
 

Det var 5 580 jegerar, busette i Sogn og Fjordane, som utøvde jakt i sesongen 2009/2010. Det var 4.910 og 1190 som jakta høvesvis hjort og ryper.

Friluftsliv

Regionalt viktig friluftsområder. Kjelde: Fylkesdelplan for arealbruk. SFFKDet er ca. 4700 km2 friluftsområde med nasjonal verdi (mykje knytt til verneområde) og ca. 2100 km2 med regional verdi, i Sogn og Fjordane. Dette følgjer av FRIDA-registreringane, men dei har i hovudsak ikkje vore oppdatert sidan 1980-talet og ein kan rekne med at ei nyregistrering vil gje monalege endringar.

 

 

Relevante lenkjer:
Forskrifter om verneområder
Miljøstatus i Sogn og Fjordane
DN: Nasjonalparker
DN: Naturbase
DN: Marin verneplan
DN: Verneområder
NINA: Naturfaglig evaluering av norske verneområder (PDF)
SSB: Vernet natur


Publisert av: Jo Tore Kristoffersen
Dato: 28. januar 2011 - kl. 10:41


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012