Nyhende
Askil Holm foto Kulturservice
Askil Holm held konsert for lærlingane
Alle lærlingar i fylket er i månadsskiftet inviterte til samlingar i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. I regi av Den kulturelle skulesekken (DKS) vil dei også få ein konsert med rockemusikaren Askil Holm.
Les meir
illustrasjonsfoto bulyst
32 millionar kroner til bulyst-prosjekt
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har lyst ut 32 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst. Departementet prioriterer i år prosjekt som går på inkludering av innvandrarar i distriktsområda, utviklingprosjekt retta mot ungdom og tilflyttingsprosjekt.
Les meir
Jan Heggheim på IT-forum 2011
Nasjonalt breibandsråd skal vere med å forme distriktspolitikken i framtida
Nasjonalt breibandråd er invitert til å kome med innspel til ny stortingsmelding om distriktsutvikling. Det er viktig at så mange som mogleg av fylkeskommunane bidreg for å få mangfald i innspela. Rådet hadde konstituerande møte 18. januar.
Les meir
Næringsbarometer generell
Invitasjon til Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane
Vi inviterer til presentasjon av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane. Næringsbarometeret syner næringsliv og offentleg sektor sine forventningar til det komande året. Næringsbarometeret er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, NAV og NHO. Næringsbarometeret byggjer på bedriftsundersøkingar
Les meir
Åshild Kjelsnes fylkesordførar kjede
Fylkesordføraren som vil løfte omdømmet til fylket
Når fylket først skulle få si første kvinne som fylkesordførar, må det kunne seiast at vi fekk ei dame med ein spennande profil. 152 centimeter på strømpelesten plasserer henne i klasse med Elisabeth Taylor, Brenda Lee og Dolly Parton når det gjeld høgde over havet. Klatreruta hennar til topps i politikken gjekk utanfor dei hevdvunne rutene.
Les meir
parmita saha kunnskapsparken
Kraftig forsking på Campus
Forskar Parmita Saha og kollegane hennar ved Vestlandsforsking og på Høgskulen i Sogn og Fjordane jaktar svar på kva utfordringar og barrierer nylisensierte kraftprodusentar møter i oppstartsfasen. Bak satsinga ligg eit ønskje om å utvikle gode strategiar for ei effektiv utbygging av meir fornybar energi.
Les meir
Illustrasjonsfoto Oldevatnet
Nordfjordkonferansen 2012
Måndag 6. februar er det tid for årets Nordfjordkonferanse på Gloppen Hotell. På programmet står blant anna vidaregåande opplæring, prosjektet Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane og rekruttering.
Les meir
UPU møtte finansministeren. F.v. Vilde Tøfte Øvstetun, Benjamin Hellesen Heimset, Sigbjørn Johnsen og Ingrid Øien. (Foto: Finansdepartementet)
Ungdomspolitikarar diskuterte framtida med finansministeren
Finansminister Sigbjørn Johnsen inviterte måndag 23. januar ungdom frå heile landet til å diskutere korleis Noreg skal vere i framtida. Frå Sogn og Fjordane deltok Benjamin Hellesen Heimset, Vilde Tøfte Øvstetun og Ingrid Øien i Ungdomspolitisk utval (UPU).
Les meir
bolgja blaa adm 250px bølgja blå
Møte i kontrollutvalet 30. januar
Kontrollutvalet har møte i Storehagen Atrium i Førde 30. januar. Møtet startar kl. 10.00. Sakene er no klare og tilgjengelege på nett.
Les meir
Fylkeskommunal parkeringsplass Leikanger av Asbjørn Ness
Skade på fylkeskommunale eigedomar etter stormen Dagmar
Romjulsstormen gjorde skade for nær ein million på fylkeskommunale eigedomar. Det gjekk hardast utover ein parkeringsplass ved Fylkeshuset og på skog og skogsvegar ved Mo og Jølster vidaregåande skule.
Les meir
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø
Aktuelt
ferjefri e39 vestlandsrådet
Fylkestinget gjev fråsegn om traséval for E39
Tysdag 31. januar er det møte i fylkestinget på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Fylkestinget skal då kome med høyringsfråsegn om kvar dei ønskjer E39 mellom Skei og Volda skal gå i framtida. Møtet vert sendt på nett, og du kan følgje debatten direkte på datamaskina di.
Les meir
32 millionar kroner til bulyst-prosjekt
(27.01.2012)

Ledige stillingar
(27.01.2012)

Askil Holm held konsert for lærlingane
(27.01.2012)

Prosjekt og planar
(27.01.2012)

Bulyst 2012
(27.01.2012)

Fylkesspegelen er oppdatert med folkehelseprofilar
(27.01.2012)

Fylkesspegelen med oversikt over arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane
(27.01.2012)

Fylkesspegelen presenterer ny statistikk - utviklinga i arbeidsmarknaden
(27.01.2012)

Nasjonalt breibandsråd skal vere med å forme distriktspolitikken i framtida
(27.01.2012)

Invitasjon til Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane
(27.01.2012)

  Oppdatert 01/27/2012