Byggjer tribune på fylkesarenaen Fosshaugane Campus

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal byggje ny tribune på Fosshaugane Campus i Sogndal. – Dette er eit signalbygg for Sogndal og vert ein fylkesarena for heile Sogn og Fjordane, sa Jenny Følling (Sp) i debatten.

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vil vere med å utvikle fylkesarenaen Fosshaugane Campus i Sogndal vidare. Dei har difor bestemt at fylkeskommunen skal byggje ny tribune på Bjørkesida – langs det fylkeskommunale skulebygget/Fosshaugane Campus.

Vil løfte området

Vedtaket vart gjort i fylkestinget 15. desember, og prosjektet er rekna til å koste 13,75 millionar kroner. Tribuna skal etter planen stå ferdig sommaren 2011.

– Eg er glad for at vi har fått denne saka fram til vedtak no. Her har ein vore konstruktive og funne ei løysing etter mange rundar. Det er fantastisk å få gjere dette i eit opprykksår, og dette vil løfte området som møteplass og fylkesarena, sa Jenny Følling frå talarstolen i fylkestingssalen.

13,75 millionar

Sju av dei 13,75 millionane skal finansierast ved tilskot frå Den Interkommunale Næringsretta Utviklingsordninga, INU-FSF, som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Sogndal og Florø. Fylkeskommunen forskotterer den delen av tilskotet frå INU-FSF som kjem til utbetaling i 2012 og 2013. Dei 6,75 millionar kronene som då står att, vert finansiert av kapitalfondet til fylkeskommunen, med frådrag av forventa momsrefusjon på 2,75 millionar kroner.

Fylkeskommunen gjekk først inn for å gje Sogndal Fotball eit tilskot på fire millionar kroner til bygging av tribune, men dette er ulovleg etter EØS-regelverket. Difor byggjer fylkeskommunen no tribuna og leiger så denne ut til Sogndal Fotball.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven