Foto av seks born og ungdomar som spelarar ulike messinginstrument på ei scene. Dei er kledde i svart og kvitt, har notestativ framfor seg, og i taket heng det raude og blå runde lampar.

Gruppa Blås i vesten frå Solund under UKM-festivalen Sogn og Fjordane i fjor. Foto: Martha Linnea Pukallus

Bli med på UKM 2017

Det vert lokalmønstringar for UKM (Ung kultur møtest) i dei fleste kommunane i fylket frå slutten av januar til midten av mars.

UKM er for ungdom mellom ti og tjue år, og du kan delta med det du er interessert i og likar å drive med.

Noko for alle

Du kan spele eller syngje, anten aleine eller saman med andre. Du kan stille ut noko du har laga, eit måleri, ein skulptur eller eit anna kunstverk. Du kan lese opp eit dikt, du kan danse, eller kanskje du kan trylle. Kort sagt – du kan delta med kva du vil av kultur.

Ein annan måte å delta i UKM på, er å vere konferansier og presentere sceneinnslaga. Du kan også ha andre arrangøroppgåver eller jobbe i UKM Media. Der tek du bilete, filmar og publiserer artiklar om mønstringa.

Du melder deg på UKM på www.ukm.no. Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i kommunen din.

UKM-festivalen Sogn og Fjordane

Kvar kommune vel ut ungdomar som får delta på UKM-festivalen Sogn og Fjordane, som vert arrangert i Høyanger 31.mars–2. april i år. Deltakarane på fylkesfestivalen er mellom 13 og 20 år.

Sogn og Fjordane sender igjen om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen i Sandnes 21.–25. juni 2017.

Kontakt

Dersom du har spørsmål om UKM, kan du ta kontakt med UKM-kontakten i kommunen din eller URG ved Jenny Hatlelid Holsæter på e-post sognogfjordane@urg.ukm.no.

URG står for Ungdommens ressursgruppe i  Sogn og Fjordane. Det er ei gruppe på fem ungdommar frå ulike deler av fylket, og dei jobbar med å utvikle og auke deltakartalet på UKM i fylket vårt.

Kontaktperson for UKM i fylkeskommunen er  Eva Kristin Svidal, telefon 911 69 693 eller e-post eva.kristin.svidal@sfj.no.

Følg UKM Sogn og Fjordane på Facebook.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00