Passasjerbåt frå Fjord1 i fart.

Foto Fjord1

Avtale om sal av Fjord1-aksjar

Det ligg 17. august 2016 føre eit signert avtaleverk om sal av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 AS til Havila-konsernet.

Avtalane har kome til etter sonderingar og etter kvart forhandlingar mellom partane i perioden 5.- 17. august.

Avtalane inneber at fylkeskommunen i haust sel seg ned frå ein majoritetspost til ein eigardel på 33 prosent. Det er vidare lagt opp til at resterande aksjar kan verte selde innanfor ein påfølgjande opsjonsperiode på vel 2 år. I denne perioden vil partane arbeide for at også andre regionale investorar bør kome inn på eigarsida.

På fylkeskommunal side har forhandlingane vore leia av fylkesordførar og fylkesrådmann og har vore basert på eit samrøystes vedtak i fylkesutvalet 3. august 2016. Hos Havila har Per Sævik leia forhandlingane.

Utover dette har styreleiar i Fjord1 AS, Pål W. Lorentzen, bistått som initiativtakar og leiar av forhandlingsmøta.

Det er lagt til rette for at den formelle transaksjonen vil finne stad mellom det fylkeskommunale selskapet F1 Holding AS og det Havila-eide Havilafjord AS.

Den framforhandla løysinga føreset godkjenning i styret for Havilafjord AS 25. august og i fylkestinget i Sogn og Fjordane 26. august.

Partane er samde om at føreståande rettssak mellom Havilafjord AS og F1 Holding AS fell bort dersom framforhandla avtalar vert godkjende.  

Kontaktpersonar

Jenny Følling                                                      
fylkesordførar
479 05 990
jenny.folling@sfj.no 

Per Sævik   
Havila
905 92 914   

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven