r 38k 5z 4e 4z
r 38k 5z 4e 4z

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ynskjer å bidra til nyskaping og innovasjon i fylket

Fylkesdirektøren ynskjer å gi kr 350 000 til Aksello AS. Hovudutval for næring og kultur skal ta stilling til dette i hovudutvalsmøte tysdag 24. april.

Aksello AS er eit lokalt forankra næringsselskap og inkubator med kontor i Florø. Selskapet er også Flora kommune sitt næringsapparat og driv fyrstelinjeteneste i tillegg til å administrere det kommunale næringsfondet for Flora kommune. Aksello AS er ein støttespelar for etablert næringsliv og bidreg samstundes i utviklinga av nye idear gjennom å gje objektive råd, kople på rett kompetanse og bidra med nettverkk. Aksello AS har søkt om til gjennomføring av seks ulike prosjekt som skal bidra til nyskaping og innovasjon i fylket. Dette skal hovudutval for næring og kultur ta stilling til den 24. april.

Dei seks prosjekta i søknaden handlar om er: 

  • FoU (forsking og utvikling) fasilitering
  • Havbruk
  • Internasjonalisering
  • Knoppskyting i etablert næringsliv
  • Inkubatorverksemd og innovative klynge-drift
  • Utviding og samordning av den kommunale fyrstelinjetenesta på kysten

Du kan lese meir om denne saka og andre saker som skal opp i hovudutvalet for næring og kultur den 24. april 2018 her.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00