Amtskart frå 1889. Kjelde:kartverket.no
Amtskart frå 1889. Kjelde:kartverket.no

Amtskart frå 1889. Kjelde:kartverket.no

Wikiverkstad for lokalhistorieinteresserte

Torsdag 22. november vert det wikiverkstad på fylkeshuset på Leikanger. Fylkeskommunen, Fylkesarkivet og HIFO Sogn og Fjordane inviterer lokalhistorieinteresserte til å bli med på ein digital skrivedugnad på lokalhistoriewiki.no. 

Lokalhistoriewiki.no er ein fag- og forskingswiki som blir drive av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Her kan alle lokalhistorieinteresserte opprette brukarkonto og vere med å bidra. Fylkeskommunen og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane brukar lokalhistoriewiki.no aktivt i fleire av våre formidlingsprosjekt. Sjå på wikien si eiga hjelpeside for meir informasjon om korleis ein opprettar brukarkonto og korleis ein publiserar tekst og bilete. 

Wikiverkstaden er ein uformell møteplass for alle som har lyst å skrive om lokalhistorie på nett. Alle som vil kan kome og jobbe med ulike typar artiklar og bilete. Tilsette frå fylkesarkivet og fylkeskommunen er tilgjengelege for å svare på spørsmål og hjelpe til. 

Kom når det passar - dørene er opne frå kl 13 til 17. Det vert enkel servering. Hugs å ta med eiga datamaskin. 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00