Viser fram fylket for petroleumsverda

Klokka 10.00 kunne fylkesordførar Åshild Kjelsnes opne Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fellesstand på oljemessa i Stavanger, ONS 2014.

ONS (Offshore Northern Seas) er større enn nokon gong, og består av eit nesten ein kilometer langt messeområde i Stavangar Forum, fordelt på 10 utstillingshallar. Årets ONS kan i år feire 40 år og fyller om lag 24 000 kvadratmeter med utstillande bedrifter. Men det er ikkje alle som får komme. Om det hadde vore meir plass tilgjengeleg, kunne årets ONS fylt nesten 10 000 kvadratmeter til.

– Vi har merka pågangen vi òg. Fellesstanden var fullbooka allereie i slutten av februar, så om vi hadde hatt meir plass kunne vi definitivt hatt med fleire bedrifter, seier prosjektleiar Camilla Refvik.

Ho fortel vidare at dei til og med bygde opp ein ekstra vegg i sluttspurten for å få plass til alle.

– Vi har 21 stands på heile fellesstanden, der det er 23 bedrifter representert. Om vi tek med alle bedriftene som har bidrege, er vi oppe i 29 bedrifter, seier prosjektleiaren.

Viktig møteplass

– ONS er verdas nest største fagmesse innan petroleumssektoren. Messa er derfor ein svært viktig møteplass for bransjen i eit internasjonalt perspektiv, sa Åshild Kjelsnes i opninga av Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fellestand.

Kjelsnes la vekt på at sidan fylkespolitikarane for ein del år sidan bestemte seg for å gå inn i fiskeri- og sjømatnæringa og petroleumsektoren, er det viktig for fylkeskommunen å bidra med å legge til rette for at bedriftene i heimfylket har ein stad å vere på messa.

– Spesielt er det bra at dei mindre aktørane gjennom fylkeskommunen får råd til å komme, sa Kjelsnes.

– Håpar dei blir nysgjerrige

Ho la vekt på at Sogn og Fjordane vert utfordra både i medgangs- og motgangstider, og at ho håpte at fellesstanden kunne bidra til at dei besøkande ville sitje att med auka kunnskap om moglegheitene i fylket.

– Og eg håpar dei blir så nysgjerrige at dei vil vite endå meir, og får lyst til å gjere konkrete etableringar hjå oss.

Dei 23 bedriftene på fylkeskommunen sin stand tok også imot fylkesordføraren på sine eigne område etter opninga. Då fekk alle nokre minutt til å diskutere bedrifta si med Kjelsnes.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut