Vil utgreie ekstraordinært vedlikehald

Fylkestinget stemte samrøystes i saka om Sogn jord- og hagebruksskule.

I saka vart tre alternativ for skulen drøfta;

1. Full utbygging og renovering av bygningsmassen
2. Avvikling av skuledrifta
3. Ekstraordinært vedlikehald av eksisterande bygningsmasse.

Fylkesrådmannen tilrådde utgreiingsalternativ 3, ekstraordinært vedlikehald av eksisterande bygningsmasse på Sogn jord- og hagebruksskule. I fylkestinget, desember 2014, vart tilrådinga samrøystes vedtatt.

Dette inneber at det må greiast ut kva ekstraordinært vedlikehaldsarbeid som kan gjerast på eksisterande bygningsmasse innanfor ei økonomisk ramme lik summen av løyving frå fylkeskommunen og eventuelle eksterne tilskot.

Vedtaket inneber òg at fylkeskommunen løyver inntil 20 mill. kr til føremålet. Frist for klargjering av om Aurland kommune, Sogn jord- og hagebruksskule Venneforeining, og eventuelt andre, vil bildra med tilskot, setjast til 31. januar, 2015.

Dersom utgreiinga viser at endeleg økonomisk ramme ikkje gir rom for å oppfylle kravet om at ein, etter at vedlikehaldet er gjennomført, kan ha tilfredsstillande og forsvarleg drift på skulen i ein 10-12 års periode, er det fylkestinget si vurdering at vedlikehaldsalternativet ikkje bør realiserast.

Sak med utgreiingsalternativet må leggjast fram for fylkestinget i juni 2015.

Kontaktperson:
Tore Eriksen
Fylkesrådmann
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: Tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00