Vil løyve midlar til tilflyttingsprosjektet i Stongfjorden

Tilflyttingsprosjektet i Stongfjorden starta i 2010 og har bidrege til folketalsauke og bedriftsetableringar i bygda. Fylkesdirektøren for plan og samfunn Svein Arne Skuggen Hoff går no inn for å løyve kr 150 000 til vidareføring av forprosjektet Europeisk arbeidsinnvandring sikrar busetnad i distrikta.

– Det er eit paradoks at resten av Europa slit med stor arbeidsløyse, også blant høgt utdanna unge menneske, parallelt med at næringslivet i fylket har rekrutteringsproblem og at mange bygder i Sogn og Fjordane slit med negativ folketalsutvikling. Dette ønskjer vi å bidra til å gjere noko med, heiter det i søknaden.

Prosjektet søkjer å setje behovet for arbeidskraft i ulike sektorar i Sogn og Fjordane og Distrikts-Noreg i samanheng med arbeidsløyse og økonomiske problem i andre deler av Europa. Ved å gjere Sogn og Fjordane til ein meir attraktiv bu- og arbeidsmarknad for kompetent utanlandsk arbeidskraft vil dette kunne bidra til å løyse begge dei ovannemnde utfordringane. Prosjektet ser føre seg at løysinga kan vere å utvikle eit web-basert verktøy og ein arbeidsmetodikk som skal kople saman utanlandsk arbeidskraft, næringsliv og bygder i Distrikts-Noreg.

Gode resultat å byggje på

Prosjektet har så langt gjeve gode resultat, med 32 nye tilflyttarar til Askvoll kommune siste året – 28 av desse til Stongfjorden. Tilflyttingsprosjektet har hittil vore drive med frivillig innsats og med grunnlag i lokal forankring og lokalt engasjement. Fylkesdirektøren for plan og samfunn vurderer prosjektet til å ha stor overføringsverdi til liknande prosjekt i andre regionar.

Prosjektet søkte om Bulyst-midlar tidlegare i år, men vart ikkje prioritert ettersom Bulyst-satsinga berre støttar hovudprosjekt. Fylkesdirektøren for plan og samfunn vurderer tilflyttingsprosjektet som eit viktig satsingsområde, og ser at vidareføring krev offentleg finansiering. Fylkesdirektøren rår difor hovudutval for plan og næring til å løyve kr 150 000 til prosjektet i møtet 22. mai.

Resten av møteboka til hovudutvalet for plan og næring den 22. mai kan du sjå her.

Del dette:

Relaterte lenker