Foto frå UKM-festivalen i Høyanger i 2017. Biletet er av eit rockeband, og vi ser han som spelar tangentar og han som spelar gitar. Dei andre i bakgrunnen. Biletet er teke frå bak på scena.
Foto frå UKM-festivalen i Høyanger i 2017. Biletet er av eit rockeband, og vi ser han som spelar tangentar og han som spelar gitar. Dei andre i bakgrunnen. Biletet er teke frå bak på scena.

URG vil ha endå fleire ungdommar i fylket med på UKM-festivalen i Høyanger 13.–15. april neste år. Biletet er av husbandet på fjorårets festival. (Foto: Sara Lysgård, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Vil ha fleire med på UKM

Jenny Hatlelid Holsæter leiar Ungdommens ressursgruppe (URG), som jobbar med å få fleire ungdomar i Sogn og Fjordane med på UKM – Ung kultur møtest.

URg er sett saman av fem ungdomar som skal vere med å utvikle UKM. Dei er frå ulike delar av fylket og skal kome med innspel og idear til korleis UKM i Sogn og Fjordane kan bli endå betre. Dei skal vere ungdomsstemmene inn i arbeidet med UKM i både kommunane og i fylkeskommunen.

Ungdom i alle ledd

– Så langt har fleire kommunar meldt interesse for å samarbeide med oss i UKM. Vi har som mål at ungdommen skal få påverke og utføre så mange arbeidsoppgåver som mogleg i kommunane. Det gjer det kjekt å vere med, seier Jenny Hatlelid Holsæter.

UKM er av, for og med ungdomar. Som deltakar kan du delta med alle typar kulturuttrykk – musikk, teater, dans, kunstutstilling, stand up, animasjon, sjonglering – det du måtte ønskjer. I tillegg kan du også delta bak scena, som til dømes arrangør eller fotograf.

URG vil også ha ei sentral rolle på UKM-festivalen i Høyanger 13.–15. april 2018, der dei skal ha ansvaret for sosiale aktivitetar på kveldstid. Målet deira er å få snakke med alle deltakarane i løpet av festivalen.

Ta kontakt med URG om du har spørsmål om eller idear til UKM.

Foto av dei fem ungdommane som utgjer Ungdommens ressursgruppe i Sogn og Fjordane i 2017. Det er fire jenter og ein gut. Alle har på seg svarte gensarar eller t-skjorter med teksten UKM på brystet. Kontaktinformasjon

Jenny Hatlelid Holsæter (leiar)
476 41 187
sognogfjordane@urg.ukm.no

Ive van Oorschot (nestleiar)
995 84 244
ive.van.oorschot@gmail.com

Oddbjørn Litlabø
481 48 706
litlabo@outlook.com

Frida Bjørnereim
413 88 156
fribjorn@gmail.com

Rakel Sørhaug
907 42 421
rsorhaug@gamil.com

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00