Foto av Karen Marie som står på talarstolen.
Foto av Karen Marie som står på talarstolen.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil ha fleire kulturoppgåver til fylkeskommunane

Hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane vil ha eit forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunane og staten for snarleg overføring av fleire kulturoppgåver. Dette kom fram då Kulturmeldinga vart drøfta i møte 19. mars.

Kulturmeldinga vart lagt fram i november 2018.
– Meldinga er for lite konkret på oppgåver som kan overførast til fylkeskommunane, seier utvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter. Saka skal vidare til fylkesutvalet som gir endeleg uttale på vegner av fylkeskommunen. HNK rår fylkesutvalet til å be Stortinget sin Familie- og kulturkomitè om å vere tydelege på overføring av oppgåver. Dei viser til at det såkalla «Hagenutvalet» (Ekspertutvalet) i 2018 kom med ei rekkje konkrete forslag om oppgåver som kan førast over til fylkeskommunane.

Tid for dristigheit og nytenking

Stortinget skal drøfte og gjere vedtak om Kulturmeldinga i mai, og hovudutvalet er utålmodige. Dei ber fylkesutvalet vere tydelege overfor Stortinget på at det no er tid for å vere dristige og nytenkjande. Stortinget må sjå moglegheitene som ligg i demokratisering og maktspreiing, noko som også ligg i botnen for regionreforma.
– Dei må vise vilje til å ta i bruk kunst- og kulturfagleg kompetanse i heile landet på ein ny måte. Fylkeskommunane har god kompetanse, og er klar til å ta over nye oppgåver, seier Hjelmeseter.

Snarleg overføring

Hovudutvalet forventar at staten inngår eit forpliktande samarbeid med fylkeskommunane, gjerne via KS, for snarleg overføring av oppgåver på kulturfeltet til fylkeskommunane. Heile hovudutvalet var samstemte om nye kulturoppgåver til fylkeskommunane, før utvalsleiar Hjelmeseter sendte saka  til fylkesutvalet. HNK peika på at samarbeidet mellom staten og fylkeskommunane må utviklast til ein tett og systematisert dialog for å utvikle den nasjonale kulturpolitikken. Fylkesutvalet vil drøfta saka i møte 8. april.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00