Foto av det gamle gymnasbygget ved Firda vgs
Foto av det gamle gymnasbygget ved Firda vgs

Firda vgs er ein av skulane som no har mange ledige stillingar. Foto: Arve Borlaug/bygge- og eigedomstenesta/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil du jobbe med opplæring i Sogn og Fjordane?

No er det mange ledige stillingar på dei vidaregåande skulane i fylket. Vi har òg ledig stilling som mobbeombod. 

Ved skulane er det lyst ut faste og mellombelse undervisningsstillingar innan ei rekkje ulike fag. Det er òg ledige stillingar som avdelingsleiar, miljøkoordinator, reinhaldsoperatør med meir.

Stillingane har søknadsfrist 16. mai.

Meir informasjon om dei aktuelle stillingane finn du her.

Den nyoppretta stillinga som mobbeombod i Sogn og Fjordane er no lyst ledig. Mobbeombodet skal bidra til at barn, elevar og foreldra får teke i vare sine rettigheiter til eit godt psykososialt miljø i barnehage og grunnskule, og i samarbeid med elev- og lærlingeombodet bidra til at elevar og lærlingar får teke i vare sine rettigheiter til eit godt psykososialt miljø i vidaregåande opplæring.

Stillinga har søknadsfrist 1. juni og trer i kraft 1. august.

Meir informasjon om stillinga som mobbeombod finn du her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00