Viktig å halde fram med rekrutteringsmesser

Framtidsfylket AS søkjer om tilskot til delfinansiering av fylkesdekkande profilieringsmesser i 2014. Saka skal handsamast i Hovudutvalet for plan og næring 26. november.

Profiliering og omdømmebygging gjennom synleggjering av karrieremogelegheiter i fylket er viktig for å halde oppe folketalet og busetnaden i Sogn og Fjordane. Målet med messene er at studentar og andre unge får den informasjonen dei treng gjennom messene til å kunne vurdere ei karriere i Sogn og Fjordane som eit aktuelt alternativ.

Messa i Grieghallen i Bergen er størst

Størst er messa i Bergen, og i 2012 var 50 stands og nærare 550 gjester til stades. Evalueringar har vore utført årleg, og både bedrifter og deltakarar melder om at messene er viktige møtepunkt. Fleire verksemder rapporterer om tilsettingar som følgje av kontakt etablert på messene, og samstundes fortel evalueringa at gjestane har fått auka kunnskap om mangfaldet i jobbmarknaden. Konkrete resultat i høve omdømebygging for fylket er vanskeleg å måle, men at messene bidrar positivt til profilering av fylket vårt, er det ikkje tvil om, heiter det i søknaden frå Framtidsfylket AS.

Fylkesdirektøren for næring rår til at Framtidsfylket AS får eit tilskot på kr. 150 000 til profileringsmesser i Bergen og Trondheim i 2014.

Ei langsiktig satsing

I sju år har det vore fylkesdekkjande næringslivsmesser i studiebyane Trondheim, Oslo, og Bergen og dei siste tre åra har også Sogndal hatt eiga messe.

Heile saka til HPN her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut