Foto av dronning Sonja som helser på elevar i elevbedrifta Trimigrering frå Flora.
Foto av dronning Sonja som helser på elevar i elevbedrifta Trimigrering frå Flora.

Elevane Monday Solo, Synne Søvik og Frida Waaraas og lærar Ingunn Selås frå Flora vidaregåande skule fekk møte dronning Sonja på fagdagen på UWC. Foto: Sven Onnerstad

Vidareutviklar samarbeidet med UWC

Fylkeskommunen utviklar samarbeidet med United World College (UWC) i Fjaler og samarbeidde sist veke om ein fagdag om mangfald og inkludering, der også dronning Sonja deltok.

United World Colleges er ei utdanningsrørsle som samlar ungdom frå over 100 land på 17 vidaregåande skular i 17 land. Ein av skulane i eitt av landa er UWC Red Cross Nordic i Flekke i Fjaler.

– Vi er no i gang med å utforske eit vidare samarbeid med UWC, og kva som er mogleg å få til av samarbeid med dei vidaregåande skulane våre. Målet er å lære av kvarandre og bruke kvarandre sin kunnskap og kompetanse til beste for elevane, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Flora-elevar møtte dronninga

Fagdagen på UWC sist veke hadde tema mangfald og inkludering og var del av det nye samarbeidet. Dagen bestod blant anna av gruppearbeid med ulike tema. Blant dei som deltok og som arrangerte gruppearbeid var elevbedrifta Trimigrering UB ved Flora vidaregåande skule.

Bedrifta kombinerer trim og integrering ved at dei har treningstilbod for flyktningar og innvandrarar. På fagdagen presenterte dei bedrifta si, hadde ei treningsøkt for UWC-elevar og andre deltakarar, og fekk i tillegg møte dronninga.

– Det var stort å møte dronninga. Ho var engasjert og stilte spørsmål til oss. Ho var nysgjerrig og hadde sett seg inn i kva vi driv med, seier Synne Søvik og Frida Waaraas, som var to av elevane som deltok.

Ho fortel også om ei god treningsøkt på fagdagen, med engasjerte og positive UWC-elevar.

Internasjonalt arbeid

Tidlegare elev Monday Solo var også med til UWC. Han har vore med på Trimigrering både som ny i Flora og som instruktør då han var elev ved idrettslinja. Lærar Ingunn Selås fortel om ei suksessfull ungdomsbedrift, der elevar og innvandrarar møter kvarandre og blir kjende.

– Det blir ein annleis time for innvandrarane. Dei leikar og har det gøy. Dei blir kjende med elevane, noko som sjølvsagt går begge vegar. Det er meir enn ei treningsøkt, fortel ho.

Samarbeid på ulike område

Trimigrering er del av det internasjonale arbeidet ved Flora vidaregåande skule, som er eitt av områda der fylkeskommunen har ambisjonar om å få til eit samarbeid med UWC. Andre aktuelle samarbeidsområde er klimaarbeidet ved Firda vidaregåande skule og temaet berekraftig utvikling med Sogn Jord- og Hagebruksskule. Det blir også arbeidd med å få til eit leirskuleopphald på UWC for ungdomane som er i tilbodet om utvida grunnskule for minoritetsspråklege.

UWC og Dale vidaregåande skule har som gode naboskular samarbeidd på ulike nivå i fleire år. Dei har mellom anna gjennomført eit prøveprosjekt med International Baccalaureate (IB), noko som har resultert i to IB-plassar årleg til ungdom frå Sogn og Fjordane.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
assisterande fylkesdirektør for opplæring
tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no
958 39 029

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00