Vidaregåande opplæring for vaksne – ledige plassar skuleåret 2014/2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ledige plassar i vidaregåande opplæring for vaksne. Dette gjeld Vg1/Vg2 helsefag og Vg1 service og samferdsel for vaksne i Sogndal, og Vg3 helsefagarbeidar (praksiskandidatkurs) i Nordfjord. Søknadsfrist snarast.

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er plass på kurset, men vert prioriterte etter dei med rett ved inntak. Deltakarane med rett til vidaregåande opplæring får låne lærebøker/PC.

Du kan søkje på www.vigo.no – vaksenopplæring/realkompetansevurdering.

Informasjon om kursa:

Vg1 helse- og oppvekstfag/Vg2helsearbeidarfag i Sogndal:

Kurset gjev grunnleggjande opplæring i programfaga både på Vg1- og Vg2-nivå. Opplæringa vil byggje på deltakarane sin realkompetanse, og dei vil få standpunktkarakterar. Opplæringa vert avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen i Vg2 helsearbeidar hausten 2015.
Om deltakarane har fullført fellesfaga i tillegg, gjev opplæringa grunnlag for lærekontrakt i helsearbeidarfaget, eller to års fråtrekk i praksiskravet til praksiskandidatordninga.
Studiebelastning reknast til om lag to dagar i veka, i ein kombinasjon av samlingar og nettbasert opplæring. Dagar og tidspunkt vert fastsett etter avtale med deltakarane. Oppstart månadsskiftet august/september.

Dersom du ynskjer å ta fagprøve som praksiskandidat, kan du òg delta på kurset. Du vil då vere privatist, har ikkje oppmøteplikt og får ikkje standpunktkarakterar. Du tek då ein tverrfagleg, skriftleg privatisteksamen og dokumenterer fem års praksis i faget før du melder deg opp til fagprøve.

Vg1 service og samferdsel i Sogndal:

Kurset gjev grunnleggjande opplæring i programfaga på Vg1-nivå, og i fellesfaga norsk og samfunnsfag. Opplæringa vil byggje på deltakarane sin realkompetanse, og dei vil få standpunktkarakterar. Kurset er spesielt tilpassa minoritetsspråklege, men er òg opent for andre.

Opplæringa er grunnlag for fleire fag , m.a. yrkessjåfør, salsmedarbeidar og kontor/administrasjonsfaget. Deltakarane er sikra framhald av opplæring etter fullført Vg1. Studiebelastning om lag to dagar i veka, truleg onsdag og torsdag, i tillegg til utplassering i bedrift.
Oppstart månadsskiftet august/september.

Praksiskandidatkurs:

Vg3 Helsearbeidarfaget i Nordfjord:

Kurset høver for deltakarar med lengre arbeidspraksis i faget. Rettast mot praksiskandidateksamen våren 2015, som dekker den teoretiske delen av fagprøva. Opplæringa er nettbasert med fysiske samlingar om lag 1-2 gonger per månad. Dei fysiske samlingane vert lagt slik at det høver best for deltakarane.

Oppstart i byrjinga av september. Dag og tidspunkt vert fastsett etter avtale med deltakarane.

Firda vidaregåande skule har ansvaret for opplæringa.

For meir informasjon og rettleiing om kursa, ta kontakt med:

Mari Anne Sundal: Tlf. 57656222

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00