Foto frå Via Ferrata i Loen. Vi ser ein gjeng med klatrarar bakfrå på veg oppover bratt fjell. På noppen er det eit norsk flagg langs fjellsida.
Foto frå Via Ferrata i Loen. Vi ser ein gjeng med klatrarar bakfrå på veg oppover bratt fjell. På noppen er det eit norsk flagg langs fjellsida.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes/DNT

Via Ferrata kan få spelemidlar

Klatreanlegg som ønskjer å etablere Via Ferrata kan no søkje tilskot frå spelemiddelordninga. Det er klart etter at Kulturdepartementet har oppdatert føresegnene for ordninga.

Via Ferrata blir ofte omsett til norsk som «klatresti med wire». Fjellsider blir utstyrte med faste sikringsmidlar som stålwire, bøylar, stigar og bruer, og fjellet kan så klatrast utan vesentlege klatreferdigheter. Sogn og Fjordane har i dag ein Via Ferrata.

Del av samla tilbod

– Den etablerte klatrestien i Loen er open for alle og har vore ein suksess sidan han opna. At vi no kan stø fleire slike anlegg er godt nytt. Dette er ein del av eit samla tilbod for naturbrukaren, noko den omfattande bruken av stien i Loen viser. Det er lite truleg at det blir svært mange av desse klatrestiane, men vi bør kunne få til 4–5 i fylket. Det er viktig at vi ikkje gjer skade på gode klatreruter og gode vandreruter, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Det ligg føre planar om å etablere slike anlegg fleire stadar i fylket, mellom anna ved Hornelen i Bremanger.

Kan få inntil 700 000 kr

Klatreanlegg som vil etablere Via Ferrata, kan få dekt inntil ein tredel av kostnadene inntil maks 700 000 kr frå spelemiddelordninga. Spelemidlane er overskotet frå Norsk Tipping. Dei blir fordelte ut til anlegg for idrett, kultur og fysisk aktivitet kvart år.

Det er eit grunnprinsipp i ordninga at midlane ikkje skal omdannast til forteneste for private, fortenestebaserte aktørar. Føremålsparagrafen for organisasjonen som søkjer om midlar, må vere ideell, og alt eventuelt overskot av drifta skal tilbake til vidare drift av anlegget. Anleggseigar har heller ikkje høve til å inngå bruksavtalar med private, fortenestebaserte aktørar.

Fleire endringar i føresegnene

Via Ferrata er ikkje den einaste endringa departementet gjer i føresegnene for spelemidlane denne gongen. Det opnar også opp for auka tilskotssummar for nye anleggstypar innan innadørs klatring, og at ein kan få tilskot til etablering av fotballhall på 50x70 meter og idrettshallar på 20x32 meter.

Det siste kan vere aktuelt ved blant anna grendaskular med for små gymsalar, då det ikkje vert ytt tilskot til gymsalar.

Det vert no også høve til å søkje spelemidlane om tilskot til å byggja båthus for kajakk og brygger for turpadling, for dei som ikkje driv dette som idrett. Dette er ei endring som i lengre tid har vore etterlyst i kystfylket Sogn og Fjordane, der turpadling er svært populært.

– Alt i alt er dette endringar som viser at ordningane endrar seg med trendane i befolkninga, seier Jan Heggheim.

For meir informasjon

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00