Vi er blitt 80 fleire i fylket

Folketalet i Sogn og Fjordane auka med 80 personar i tredje kvartal i år. Fødselsoverskotet på 63 born er det største bidraget til veksten. Fjorten kommunar har vekst i folketalet, og Sogndal er kommunen med størst auke.

Netto innflytting til fylket er på 17 personar, men dette vart sikra gjennom innflyttinga frå utlandet. Dette viser tala frå befolkningsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) som kom i dag.

Positiv utvikling i mange Nordfjord-kommunar

Sogndal har den største auken i folketalet med 76 fleire innbyggjarar. Kommunen har både positiv innanlandsk tilflytting og fleire tilflyttarar frå utlandet. Folketalsveksten i Førde – 41 nye førdianarar – vert, som for fylket som heile, først og fremst redda av fødselsoverskotet på 30. Byen hadde ei netto innflytting på 11 personar.

Mange kommunar i Nordfjord kan vise til positiv folketalsutvikling. I Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid og Hornindal vart det ein samla auke på 89 personar, medan Gloppen og Stryn hadde folketalsnedgang. Også Gulen kan notere seg ein folketalsauke og har fått 16 nye innbyggjarar i tredje kvartal i år.

Kommunetala i Fylkesspegelen er også oppdaterte med dei nye tala frå SSB.

Sjå tal for alle kommunane på heimesida til SSB.

Del dette:

Relaterte lenker