Heim/Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon/Vg1 Teknikk og industriell produksjon
Dreiebenk

VG1 Teknikk og Industriell Produksjon.

Du som vel teknikk og industriell produksjon, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre. Interesse for ny teknologi er og viktig. Helse, miljø og tryggleik står sentralt i desse yrka, der det å arbeide etter prosedyrar og teikningar og med registrering og dokumentasjon, er svært viktig.

På Vg1 – det første året på TIP – lærer du å bearbeide metall gjennom å

  • Dreie
  • Frese
  • Bore
  • Sveise
  • Teikne med data, lese og forstå arbeidsteikningar
  • Gjere øvingar i styringsteknikk (pneumatikk, hydraulikk og elektriske motorstyringar)

I faget Prosjekt til fordjuping får du innblikk i ulike fagområde enten på skulen eller som utplassert i bedrift

I fellesfaga vil du lærer meir i norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving

Vi kan love deg eit spanande år der du gjennom veksling mellom teori og praksis, legg eit godt grunnlag for vidare yrkesval.