Heim/Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Restaurant- og matfag/Vg1 Restaurant- og matfag
Kutter knalesvingar

Vg1 Restaurant- og matfag

På Vg1 restaurant- og matfag lærar du grunnteknikkar innan matlaging, baking, servering og arbeid med kjøtt og fisk. I faget yrkesfagleg fordjuping vil du vere ute i praksis i yrket ein ynskjer å fordjupe seg i, i løpet av skuleåret.

Det er mange ulike yrke innanfor kokk-, servitør-, fiske-, kjøtt-, bakar- og konditorfag i tillegg til matindustrien.

Vg1 Restaurant og matfag dannar grunnlag for fagbrev/svennebrev innanfor 12 yrke . Desse yrka er:

  • Institusjonskokk
  • Kokk
  • Servitør
  • Bakar
  • Konditor
  • Slaktar
  • Kjøttskjerar
  • Pølsemakar
  • Butikkslaktar
  • Sjømathandlar
  • Fagarbeidar, sjømatproduksjon
  • Fagarbeider, industriell matproduksjon

Elevane som går VG1 Restaurant og Matfag ved Måløy Vidaregåande Skule får og tilbod om å ta Sikkerhetskurs IMO60, noko som krevst for å kunne ta arbeid på skip.

Restaurant og matfag passar for deg som er glad i halde på med mat, er kreativ og kan ta ansvar for andre menneske si mat og helse. For å kunne kalle deg ein fagarbeidar må du bestå ei fagprøve/svenneprøve etter avslutta opplæring (4 år).