Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (f.v.), fylkesvararordførar i Hordaland, Mona Hellesnes, stortingsrepresentant Ingrid Heggø, Solveig Willis i Salmon Group Florø og fylkesordførar Janne Johnsen i Rogaland. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Vestlandsstand på Aqua Nor

Dei fire vestlandsfylka samarbeider om å profilere havbruksnæringa i landsdelen på havbruksmessa Aqua Nor i Trondheim 18. til 21. august.

Den felles vestlandsstanden samlar 14 bedrifter og vart høgtidleg opna tysdag 18. august. Det var fylkesordførar i Rogaland, Janne Johnsen som stod for opningstalen.

Felles utfordringar

– Det er sjette gong vi gjer dette, for å vise noko av det regionen vår kan by på innan marint næringsliv. Vestlandspartnarskapen går saman om eit felles vindauge ut mot verda. Eit regionalt samarbeid gir store fordelar på mange område, for utfordringane er felles, slo Johnsen fast.

Frå Sogn og Fjordane deltok fylkesordførar Åshild Kjelsnes, stortingsrepresentant Ingrid Heggø og Solveig Willis frå Salmon Group Florø på opninga.

To utstillarar frå Sogn og Fjordane

Aqua Nor vert arrangert kvart andre år og presenterer nyhende innan forsking, teknologi, fôr, miljøtryggleik, finansiering, fiskehelse og ei rekke andre tema innan fiskeoppdrett.

Messa ventar i år bortimot 20 000 besøkande frå over 50 nasjonar. Det er kring 400 utstillarar – to frå Sogn og Fjordane. Alltech i Førde har fått plass på vestlandsstanden, medan Østerbø Maskin frå Høyanger står på eigen stand.

Viktig med matproduksjon i sjø

Fylkesordføraren i Rogaland la i opningstalen sin vekt på at fylkeskommunen må ta rolla si som regional utviklingsaktør på alvor og leggje til rette for næringsutvikling i sjø.

– På land er det mykje merksemd på å verne om dyrka mark til matproduksjon. Vi må få den same merksemda og haldninga til dette i sjø, sa Johnsen.

Les heile opningstalen her.

Meir om Aqua Nor på nettstaden til messa.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00