Vestlandsrådet til Samferdsleministeren om "Ekspressbuss Vestlandet"

Vestlandsrådet over lang tid har arbeidd med grunnlaget for å få på plass eit ekspressbuss tilbod for Vestlandet, det vils eie for strekninga Stavanger – Trondheim.

Dette har vore eit vanskelig og komplisert arbeid. Rapportene viser at det er vanskelig å få til eit høgt frekvent busstilbod som er sjølvfinansierande. Ein vil årleg trenge 20-40 mill ekstra pr år skal en kunne forbetre dagens tilbod. Brattland peiker på at nøkkelen ligg derfor i om staten vil vere med på eit spleiselag for å kunne ruste opp ee slik rute.

Målet med møtet blir derfor å forsøke å avklare om staten er villig til å vere med å bidra til at vi kan få til eit ekspress busstilbod for heile Vestlandet. Så langt har departementet vore negative. Bratland seier håpet vårt er at statsråden kan vere meir positiv og vil bidra til at vi kan få på plass eit slikt ruteopplegg, som vil bety mykje for næringsliv (ikkje minst turisme), busetnad og for miljøet.

Leiar i Vestlandsrådet meiner det må vere eit godt poeng at Austlandet mottek statlige midlar til jernbane, medan Vestlandet ikkje får noe til regional kollektivtrafikk.

For meir informasjon, kontakt
Olav Bratland, tlf 91 38 57 76 eller Trond Ueland, tlf 91 33 74 10, trond.ueland@sfj.no

Aktuell trasè:

buss_kart

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no