Foto av fylkesordførar Jenny Følling flankert av fungerande fylkesordførar Pål Kårbø til venstre og Vegard Salte Flatval i Samfunnsøkonomisk analyse til høgre. Dei står ved ein talarstol med fylkesvåpenet til Hordaland, og bak dei ser vi ein presentasjon med teksten Velkommen til formiddagsmøte om utvalde næringsklynger på Vestlandet - marin, maritim, fornybar og ikkje-fornybar.
Foto av fylkesordførar Jenny Følling flankert av fungerande fylkesordførar Pål Kårbø til venstre og Vegard Salte Flatval i Samfunnsøkonomisk analyse til høgre. Dei står ved ein talarstol med fylkesvåpenet til Hordaland, og bak dei ser vi ein presentasjon med teksten Velkommen til formiddagsmøte om utvalde næringsklynger på Vestlandet - marin, maritim, fornybar og ikkje-fornybar.

Fylkesordførar Jenny Følling deltok på presentasjonen av rapporten Nøkkeltal for Vestlandet i Bergen 23. juni 2017. Her saman med fungerande fylkesordførar i Hordaland, Pål Kårbø og Vegard Salte Flatval i Samfunnsøkonomisk analyse. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vestlandet størst innanfor marine næringar

Fylkesordførar Jenny Følling deltok 23. juni på ein presentasjon av nye nøkkeltal for næringsklynger innan marine og maritime næringar på Vestlandet.

– Det er viktig for Vestlandet som landsdel å få ei slik samla oversikt over korleis det går med næringslivet vårt, og korleis vi gjer det samanlikna med resten av landet. Vi har særleg venta på oversikta over korleis nedgangen i oljeindustrien har påverka Vestlandet, både samla og fylkesvis. Dette er første gongen vi får ei slik oversikt, seier fylkesordføraren, som også er leiar av Vestlandsrådet.

Det er Vestlandsrådet som har bestilt rapporten, som vart presentert i Bergen 23. juni.

Sterke marine næringar i Sogn og Fjordane

Følling trekkjer fram den marine klynga – fiske, oppdrett, foredling, sal, teneste- og utstyrsproduksjon – som eit døme på eit område der Vestlandet hevdar seg svært godt. Tal frå 2015 syner at landsdelen har 42 prosent av årsverka i marin klynge på landsbasis (2015), og at tal årsverk har dobla seg sidan 2003.

– Hordaland er det største vestlandsfylket i denne klynga, men Sogn og Fjordane kjem også svært godt ut. Vi har fem gonger større innslag av marine næringsklynger enn resten av landet. Vi har ei sterk oppdrettsnæring blant anna i Solund, solid foredlingsverksemd i Selje, god fôrproduksjon i Flora og fiske i Askvoll. Dette er næringar der Sogn og Fjordane gjer det godt, seier Følling.

Oljenæringa pregar heilskapsbiletet

Datamaterialet som vart lagt fram stadfestar at Vestlandet, og spesielt Rogaland og Hordaland, er klart mest eksponerte for nedgangen innan olje- og oljerelaterte næringar. Sogn og Fjordane er ikkje så prega.

Omsetjinga i økonomien på Vestlandet fall med fire prosent, og verdiskapinga med over 20 prosent på Vestlandet frå 2014 til 2015. På same tid auka omsetjinga i resten av landet med heile 30 prosent og verdiskapinga med 13 prosent i same periode.

– Dei fallande oljeprisane med tilhøyrande fallande aktivitet forklarer mykje av dette. Samtidig er det tydelige styrkeposisjoner i alle deler av regionen i næringar med vekstutsikter framover, seier fylkesordføraren.

Vestlandsrådet initiativtakar

Hordaland fylkeskommune var vertskap for arrangementet som Vestlandsrådet har vore initiativtakar for. Talmaterialet som vart presentert er utarbeidd av selskapet Samfunnsøkonomisk analyse på oppdrag frå Vestlandsrådet.

Les heile rapporten «Nøkkeltal for Vestlandet».

Kontaktperson

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut