Vestlandet er den store arbeidsinnvandringsregionen i Noreg

Kommunane på Vestlandet opplever arbeidsinnvandringa som ein positiv ressurs som gir folkeauke, auka produktivitet og konkurransekraft i lokalt næringsliv. Men få kommunar arbeider breitt og aktivt med arbeidsinnvandring.

Det syner ein ny rapport frå Møreforsking.

I rapporten, «Nye innbyggjarar, nye utfordringar? Vestlandskommunane i møte med arbeidsinnvandrarar», gir Møreforsking status for korleis kommunane tar i mot dei mange arbeidsinnvandrarane som har kome til Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland dei siste åra.

Møreforsking har spurt rådmennene i kommunane på Vestlandet, og svaret er at dei i stor grad ser på arbeidsinnvandringa som ein ressurs. Svært mange av rådmennene ser den positive påverknaden innvandringa har for folketalsutviklinga i kommunen.

Viktig arbeidskraft, men også ei utfordring

Nokre kommunar har i løpet av dei siste åra gått frå nedgang til auke i folketalet på grunn av arbeidsinnvandringa. I tillegg har tilgangen til arbeidskraft auka. Men også i meir folkerike kommunar er rådmennene opptekne av at innvandringa er viktig for folketalsutviklinga i kommunen.

Det er også ei gjennomgåande oppleving hjå fleirtalet av kommunane at det både er ein auke i behov for kommunale tenester som resultat av arbeidsinnvandringa og at det kan vere utfordrande å levere tenester til denne gruppa. Spesielt er det behov for å setje i gang informasjonstiltak retta mot arbeidsinnvandrarane, særleg dei som etablerer seg i kommunen med eigen familie.

Ressurs for offentleg sektor, men få rekrutterer

Fleirtalet av rådmennene seier at arbeidsinnvandringa er viktig for å sikre arbeidskraft til offentleg sektor i kommunane. Likevel har svært få kommunar arbeidsinnvandring som ein del av si strategiske satsing for å rekruttere personell til eigen organisasjon.

Samarbeidsprosjekt

Rapporten er den første som er publisert med utgangspunkt i prosjektet «Arbeidsinnvandring til Vestlandet», og er eit samarbeidsprosjekt mellom dei fire fylkeskommunane på Vestlandet og ei rekkje forskingsinstitusjonar i regionen (Møreforsking, Universitetet i Stavanger, IRIS, Senter for interkulturell kommunikasjon, Vestlandsforsking, og Høgskulen i Sogn og Fjordane).

Prosjektet går over tre år, og er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet og dei fire fylkeskommunane. Hordaland fylkeskommune er prosjekteigar på vegne av fylkeskommunane. Prosjektet har eit budsjett på 4,3 millionar kroner.

Rapport om arbeidsinnvandring til Vestlandet.

Kontaktperson:

Finn Ove Båtvik
Møreforsking
E-post: fob@moreforsk.no
Tlf: 70 07 52 13/926 62 631

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00