Vest-Norges Brusselkontor søkjer trainee våren 2013

Er du interessert i å vere trainee i Brussel våren 2013? Vest-Norges Brusselkontor søkjer ein fleksibel og serviceorientert person med interesse for og kunnskap om EU og EØS.

Søknadsfristen for traineestillinga våren 2013 er 4. februar.

Heile utlysinga på heimesida til brusselkontoret.

Vest-Norges Brusselkontor

Vest-Norges Brusselkontor (VNB) er eitt av seks norske regionskontor i Brussel. Kontoret skal ta i vare interessene til regionen og markere Vest-Noreg som ein region med felles økonomiske og kulturelle band.

VNB gjer dette blant anna ved å synleggjere regionen som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar, kartleggje prosjektmidlar, samt ved å formidle informasjon om det som skjer i EU/EØS med særleg relevans for Vest-Noreg. Kontoret vart opna i 2003 og er sentralt plassert i EU-kvartalet i Brussel.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut