Verneomboda møttest på Tørvis

To dagar var sette av til fagleg påfyll for verneombod og tillitsvalde i fylkeskommunen under den årlege verneombodskonferansen.

Dei siste fire åra har fylkeshovudverneombodet samarbeidd med fylkesrådmann om å arrangere ein felles konferanse for både verneombod og fylkestillitsvalde. I tillegg vert også leiarane på einingane inviterte.

Til saman var 29 deltakarar samla på Tørvis Hotell torsdag 23. og fredag 24. september.

Felles arena

– Tanken er å arrangere ein felles arena for desse tre samarbeidspartane, med felles fagleg påfyll og diskusjon. Vi har alle eit ansvar for å bidra i arbeidet for eit godt arbeidsmiljø. Leiar har ei hovudoppgåve, og verneomboda skal ha eit overvakande blikk for at arbeidsmiljølova vert utført på arbeidsplassen, seier fylkeshovudverneombod Annbjørg Geithus Lereim om bakgrunnen for verneombodskonferansen.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers stod for opninga av konferansen torsdag, og det var henta inn eksterne fagpersonar til begge dagane.

Kontroversiell spesialist

Temaet for torsdagen hadde namnet Eg er verneombod – slepp meg til! Verneombodsrolla i framtida, og føredragshaldar var overlege og spesialist i arbeidsmedisin Ebba Wergeland i Arbeidstilsynet. Ho har i over tretti år forska på sjukefråvær, og meiner blant anna at påstanden om at sjukefråværet i Noreg er for høgt, ikkje stemmer. Wergeland meiner heller det er naturleg med eit visst sjukefråvær i eit land.

– Ho er ein uredd og flink formidlar, som står for dei kontroversielle utsegnene ho kjem med. I føredraga sine snakka ho mellom anna om kva rolle verneombodet har på ein arbeidsplass, og ho tok opp myter rundt dette, seier Lereim.

Den samfunnsengasjerte sjefslegen i Arbeidstilsynet presenterte også intensjonar og lovforankring i høve til rolla som verneombod. Ho åtvara vidare sterkt om at verneomboda at verneomboda ikkje skal gå ut over rolla si, og skisserte følgjande rollar ombode ikkje skal ta: Politi, prest/sosionom, einsam ulv, meklar, hms-sekretær og verneleiar.

Ny IA-avtale

Den andre fagdagen dreidde seg om den nye IA-avtalen, og korleis denne er annleis i høve til den tidlegare avtalen. Magne Straumstein frå Nav Arbeidslivssenter var henta inn som ekstern føredragshaldar.

Han presenterte det faglege innpakka i humor og dikt, og utfordra konferansedeltakarane til å definere kva eit godt arbeidsmiljø er.

– Straumstein tok opp korleis ein ser føre seg innhaldet i IA-avtalen vil bli etter lovendringar frå 1. juli neste år. Vidare føreleste han om sjukefråvær og fekk testa oss ut i våre meiningar kring årsaker, og kva førebyggjande tiltak vi kan rette inn på våre arbeidsplassar, fortel Lereim.

Del dette:

Relaterte lenker