Verdiskapingsplanen på nett

Og du kan komme med di meining. Satsingane i fylkesplanen blir no sett i gang for å skape vekst i Sogn og Fjordane.

Verdiskapingsplanen.no er no klar til bruk, og her kan publikum bidra. Verdiskapingsplanen har nemleg ope kommentarfelt.

– Vi tykkjer det er viktig å halde oppe diskusjonen om våre strategiske val og etter kvart få reaksjonar på det vi gjer, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

– Vi ynskjer innspel frå folk i fylket!

No vert det operative arbeidet med planen rigga.

– Noko arbeid er klart for handling, medan anna må trekkast i gang. Vi arbeider med partnarskapsavtala med kommunane og skal delta på Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) sin strategikonferanse i februar, seier Heggheim.

Verdiskapingsplanen

Målet med denne verdiskapingsplanen er folketalsutvikling ført vidare til ein ambisjon om arbeidsplassvekst. Det er viktig at folk skal ynskje å leve livet sitt i Sogn og Fjordane, og eit av dei viktige bodskapa i planen er å skape fleire arbeidsplassar knytt til dei ekspansive tenesteytande og kreative næringane; arbeidsplassar som er attraktive for godt utdanna ungdom.

Planen skal legge grunnlaget for langsiktige satsingar. I første omgang er tidshorisonten 2025.

Kontaktperson:

Jan Heggheim
Fylkesdirektør for næring
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: jan.heggheim@sfj.no
Tlf: 905 66 623

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00