Elevar frå Flora vgs lærar teknikk med lokale i Malawi
Elevar frå Flora vgs lærar teknikk med lokale i Malawi

Yrkesopplæring i Nkhotakota. Prosjekt Malawi UB vann i 2012 Flora kommune sin tverrfaglege kulturpris for å blant anna ha bidratt til skulegang for vanskelegstilte elevar. Foto: Øystein Garfors

Verdiskaping kryssar kontinent

Det er langt frå Florø til Malawi, både i geografi og levestandard. Men Flora vidaregåande skule sitt Malawi-prosjekt, der utveksling av kompetanse går begge veger,  vekker merksemd og åtgaum.

Malawi er eit av verdas fattigaste land. Noreg eit av dei rikaste. I 2005 byrja Flora vidaregåande skule eit samarbeid med Malawi som erstatta Operasjon dagsverk. Sidan har samarbeidet vorte eit føregangsprosjekt som haustar skryt frå mange kantar, og som har gjort liv i båe land rikare.

– Med engasjement frå elevar, lærarar og leiing i Flora har samarbeidet gitt svært gode resultat, seier Øystein Garfors ved Flora vgs. 

Elevstyrt

Skulen har no i mange år samarbeidd med partnaren Nkhotakota Youth Organisation om fleire prosjekt innan yrkesopplæring og entreprenørskap. Dei har starta yrkesopplæringssenter, distriktets einaste internettkafe og eit solcelle-energiselskap som gjev straum til område der elektrisitet er luksus.

Prosjektet skal i stor grad vere elevstyrt, og på Flora vgs er det tradisjon for ungdomsbedrifter som jobbar med integrering og internasjonalisering. Elevane i Florø sit igjen med både praktisk lærdom og nye impulsar frå arbeidet. Dette skuleåret kom afrikanske rytmar til kystbyen då skulen arrangerte første utgåve av «Flora African Music Festival».

kumudzi kuwale by trygve mongstad.jpg
Nokre av dei tilsette i Kumudzi Kuwale («lys i landsbyen») . Selskapet mottok i 2014  «SEED Africa Award» i Nairobi, Kenya. Foto: Trygve Mongstad

Filma straumprosjekt

Garfors kan opplyse om at solcelle-energi-selskapet Kumudzi Kuwale har levert eit positivt driftsresultat for 2015, og at dei no jobbar med ein investor som skal komme inn slik at selskapet når lengre.

For innbyggarar med låg inntekt, som har brukt ein stor del av inntekta si på batteri og parafin, endrar solenergi kvardagen.  Fotojournalisten Javier Auris har jamvel laga film om prosjektet, som viser korleis Flora vgs gjennom selskapet skapar utvikling og betrar levekår i Nkhotakotaregionen.

Sjå kortfilmen her.

Hylla av Fredskorpset

Sidan 2012 har skulen fått støtte frå Fredskorpset og finansiert ei utveksling av personell mellom Noreg og Malawi. Denne månaden trakk direktør i Fredskorpset Nita Kapoor fram skulen som eit døme på reelt partnarskap fundert på likeverd og «en gjensidig vilje til selv å lære, og samtidig lære bort». Dei malawiske deltakarane underviser norske elevar i tekniske ferdigheiter og entreprenørskap, noko som bør gjere elevane attraktive for det internasjonaliserte næringslivet i fylket, skriv Kapoor.

– Det er kjekt at Fredskorpset trekk oss fram som eit av sine beste eksempel på vellukka prosjekt. Saman med resultata har det gjort til at Flora vgs i haust vart einige om å skrive ein ny treårs avtale med Fredskorpset, seier Garfors.

nkhotakota music festival could be your treat in november 2015.jpg
Nkhotakota Music Festival 2015 . Foto: Øystein Garfors

Må stå på eigne bein

På yrkesopplæringssenteret i Malawi er det no tilbod om fem yrkesfag og entreprenørskapsopplæring. Dei involverte på Flora vgs ønskjer å sjå elevane på senteret i Malawi produsere varer dei sjølv kan selje, og som gir eigne inntekter til senteret. Å tenke langsiktig er naudsynt for å sikre at dei gode tiltaka ikkje vert korte blaff.

– Det er med utviklingsarbeid som med utdanning. Ein dag, etter fleire år med læring og god støtte, må ein stå på eigne bein. Partane er einige om å bruke desse tre åra til å få til ein god exit-strategi som skal ivareta bærekrafta i prosjekta vi har starta, seier Garfors. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00