Verdig takk til Håkon Drage

Sidan Håkon Drage vart tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1978 har han sett varige spor etter seg. Onsdag 25. august fekk han takk og heider frå arbeidsgjevaren sin.

Som arkitekt, kunstnar, aktiv i det regionale utviklingsarbeidet og fylkesbyggesjef har Håkon Drage hatt mange verv og roller. Han fekk under avskilsmiddagen tildelt gullklokka for 30 års teneste i fylkeskommunen. Det var mangeårig kollega, no fylkesrådmann Jan Øhlckers som stod for tildelinga. Dei samarbeidde mellom anna som norske utviklingsarbeidarar i Afrika på slutten av 1980-talet.

”Du har sett spor etter deg i fylket vårt mellom anna med Øyrane og Hafstad vidaregåande skular. I Afrika står det helsestasjonar og småsjukehus teikna av Håkon Drage,” sa Øhlckers. Han la vekt på at Håkon Drage har vore kjend som ein fagmann av klasse der han har arbeidd. Meiningane kan ha vore sterke, men det har alltid vore på ein sakleg og fagleg orientert måte. ”Samstundes er du ein tøffing, noko du ikkje minst har fått vist etter ulukka som råka for snart to år sidan og delvis lamma deg. Då er det gledeleg å høyre at du i dag tok dine første steg på eiga hand att,” sa fylkesrådmannen.

Ein fantastisk arbeidsplass

”Tusen takk for at de stelte til denne høgtida. Det er ei stor glede å bli sett pris på slik som de har gjort det for meg her, og få kjenne at ein ikkje er heilt gløymd,” sa Håkon Drage. Han kunne ikkje nok få fullrosa den måten fylkeskommunen har stilt opp på, både før og etter ulukka der han vart hardt skadd.

”Eg har verdsett høgt at eg dei siste åra som yrkesaktiv fekk lov å arbeide med å ta vare på gamle bygg. Dette gav meg ei veldig triveleg avslutning på den fylkeskommunale karrieren,” sa han særleg mynta på kultur- og regionalavdelingane.

”Denne festen var ei fin og vakker påskjøning for meg. Eg har kjent meg velkommen heile tida når eg har vitja den gamle arbeidsgjevaren min, og det er eg umåteleg glad for. Takk skal de ha,” sa ein rørt og overvelda Håkon Drage.

Del dette:

Relaterte lenker