Kultiveringsanlegg Eco energi i Aurland
Kultiveringsanlegg Eco energi i Aurland

Vellukka seminar om villaks

I alt 22 deltakarar frå kultiveringsanlegg, veterinærstyresmakter og fiskeforvaltning var 22.september på dagseminar i Aurland for å utveksle erfaringar, teknologi og arbeidsmetodar med setjefisknæringa.

Fylkeskommunen arrangerte 22. september 2015 ei samling for dei som driv med kultivering av vill laks og aure i fylket. Sjå programmet for dagen her.

I regi av AHA! (Arbeidsprogram for heilskapleg akvakulturforvaltning) har fylkeskommunen intensjon om å overføre kompetanse frå havbruksnæringa der stryking av stamsfisk, klekking av rogn og oppfostring av yngel har blitt profesjonalisert gjennom næringa si 40 år lange historie, slik at dei som driv viktig kultiveringsarbeid av laks og aure i elvar og vassdrag får ekstra påfyll av kunnskap og informasjon.

Tidlegare fiskeoppdrettar Ola Sveen var leigd inn for å gjennomføre samlinga. Han hadde lagt mykje arbeide i førebuingar, m.a. gjennom å lage ein video film frå 10 av elvane i fylket. Her fekk deltakarane eit innblikk i elvane sine ulike potensiale og utfordringar. I fylket har vi døme på lange elvar med roleg vassføring, korte elvar med høge fossar og regulerte elver med varierande vassføring. Desse variasjonane har utvikla ulik fysikk hjå fisken i dei ulike elvane; dei utfordringane naturen gir syner seg igjen i kroppsfasong og åtferd; seige, uthaldande, slanke eller kraftfulle.

Seminaret vart godt motteke av deltakarane, og på direkte førespurnad frå deltakarane, lova marin fagkoordinator i fylkeskommunen Lena Søderholm og arrangere ein oppfølgjar av dette seminaret.

Kultivering i historisk perspektiv

I 1855 ble det oppretta ein etat for å fremje ferskvassfisket i Norge. Den viktigaste grunnen til dette var ein betydelig nedgang i laksefisket i mange elvar på grunn av for hard beskatning. Utsetting av «kunstig klekka» yngel ble anbefalt som eit viktig verkemiddel for å styrke bestandane. I løpet av 1855 ble dei første 8 klekkeria oppført og dette talet var auka til 84 klekkerier for laks ved utgangen av 1873. Utsetting av lakseungar har derfor lange tradisjonar i Norge.

I 1992 vart det innført eit generelt forbod mot alle fiskeutsettingar, og all form for kultivering må no ha eige løyve. I tillegg til at det er krav om bruk av stadeigen stamme er det også strenge krav til drifta. Ein må også gjere tiltak som sikrar god helse og velferd hjå fisken, og dette må kunne dokumenterast.

Før kultiveringstiltak vert sett i verk skal ein vurdere om det kan gjerast andre tiltak som kan betre tilhøva for fisken. Det kan vere å regulere vassføringa, auke skydd i elva for små fisk eller å skape gyteplasser der desse har blitt øydelagde av menneskeleg påverknad.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00