Bilde med program for konferanse om musikkterapi
Bilde med program for konferanse om musikkterapi

Program for konferansen om musikk og psykisk helse 2017.

Vellukka konferanse om musikk og psykisk helse

24. april arrangerte Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune konferanse om musikkterapi, rus og psykisk helse. Konferansen hadde 136 deltakarar. Her er ei oversikt over presentasjonane og ei oppsummering frå dagen. 

Klinikkdirektør Børge Tvedt opna konferansen med å lese frå Frode Grytten si bok ‘Bikubesong’. At musikk er viktig og har stor betydning i vanskelege livssituasjonar, er ikkje lenger til å tvile på.Tvedt snakka òg om musikkterapi som eit ikkje-medikamentell behanlingsalternativ, og blir ein del av eit ‘pakkeforløp’ for psykiske lidingar.

Alle distriktspsykiatriske avdelingar skal i dag ha tilbod om ikkje-medikamentell behandling.

Klinikkdirektør Børge Tvedt
Klinikkdirektør Børge Tvedt. Foto: Jorunn Bakke Nydal/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Professor i musikkterapi, Universitet i Bergen Brynjulf Stige orienterte om musikkterapifaget sin start, utvikling og etablering i Sogn og Fjordane. Stige viste med fengande døme korleis musikk kan bli ein veg inn til hjelpetrengande personar. Ikkje alle har like lett for å sette ord på sine psykiske helseproblem, for mange er musikk eit vel så godt språk.

Musikkterapeut Gunn Karoline Fugle frå Helse Førde snakka om musikkterapi i psykisk helsevern for barn og unge.

Musikkterapeut frå Hjellestadklinikken, Michael Clavier snakka om musikkterapi i tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Kvifor skal all den snakkinga redda alle? Det er langt lettare å snakke om musikk enn om følelsar, det magiske ligg i at musikk er eit språk for så mange følelsar.

Bjørkvoll musikkterapikonferanse
Brynjulf Stige og Jon Roar Bjørkvold. Foto: Jorunn Bakke Nydal/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Professor i musikkvitenskap, Jon Roar Bjørkvold presenterte seg som ein katt blant hermeliner, som musikkprofessor, men ikkje musikkterapeut. Til lyden av ‘Når trollmor har lagt sine ellve små troll…’ fekk vi presentert korleis sangen blir den magiske tillitsskapande kontakten mellom barn og vaksne omsorgspersonar. I møte med det hjelpetrengande individet, er musikk eit sunnhetsalternativ som bygger og utviklar det som fungerer i staden for å fokusere på alle dei negative faktorane.

Bjørkvold viste korleis song og melodi har skapt identitet og fellesskap i nasjonen Norge. Sangen «Vi har en Tulle med øyne blå»,  er ikkje berre er ei enkel voggevise, men ein kampsang frå 1905, skriven av sjølvaste Margrethe Munthe. Dette var nytt for alle i salen. Den nyaste boka til Bjørkvold: «Grunntonen. Små sanger, mektige spor», har eit heilt kapittel om Margrethe Munthe. 

Sjukepleiar, Flora Kommune Annika Bremnes ga oss til slutt praktiske eksempel på bruk av musikk som nyttig verktøy i psykiatritenesta. 

Publikum på musikkterapikonferanse
Publikum på konferansen. Foto: Jorunn Bakke Nydal/Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00