Vellukka besøk av næringskomiteen

Onsdag var næringskomiteen i Stortinget på besøk i Sogn og Fjordane. Dei kom for å lære meir om enkeltbedrifter og næringsstrukturar i fylka.

Besøket i Sogn og Fjordane føregjekk i Stryn og på Sandane. Komiteen fekk høyre frå bedrifter som presenterte forretningsidear som på kort tid har utvikla seg til å bli både nasjonale og internasjonale suksessar.

– Næringskomiteen var godt nøgde med dagen i Sogn og Fjordane. Dei fekk ei grundig innføring i mange av spanande bedriftene i fylket, og fekk presentert nye prosjekt i firma som har suksess på området, fortel fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Saman med fylkesmann Anne Karin Hamre og stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), kunne ho stolt vise fram fleire av dei nyskapande bedriftene i fylket.

– Dei var spesielt imponerte over det høge fagleg nivået og pågangsmotet i fylket. Bedriftene har ei god evne til nyskaping, og det må vi ta vare på, seier Kjelsnes.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut