Foto av dei fire fylkesordførarane på Vestlandet på havbruksmessa Aqua-Nor i Trondheim. På veggen bak dei ser vi fylkesvåpena til Hordaland og Sogn og Fjordane og delar av logoen til Rogaland.
Foto av dei fire fylkesordførarane på Vestlandet på havbruksmessa Aqua-Nor i Trondheim. På veggen bak dei ser vi fylkesvåpena til Hordaland og Sogn og Fjordane og delar av logoen til Rogaland.

Dei fire vestlandsordførarane på plass på vestlandsstanden på havbruksmessa Aqua-Nor i Trondheim i august 2017. F.v. Solveig Ege Tengesdal (Rogaland), Pål Kårbø (Hordaland), Jenny Følling (Sogn og Fjordane ) og Jon Aasen (Møre og Romsdal). Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vellukka arrangement under Aqua-Nor

Over 20 utstillarar frå heile Vestlandet var representerte på vestlandsstanden på havbruksmessa Aqua-Nor sist veke. Fellesstanden vart godt besøkt under messa.  

Utstillarane representerte ulike tenesteytande næringar i akvakultursegmentet og viste fram breidda i havbruksnæringa på Vestlandet.

Fiskeriministeren innom

Fylkespolitikartoppane frå vestlandsfylka nytta fleire dagar på messa sist veke. Der oppdaterte dei seg på nyhende innan næringa og hadde ein god dialog med næringsaktørane. Det var også korte fagprogram der prosjekt og aktørar synleggjorde kva dei har fått til, noko som gjev nyttig kunnskap om potensialet og utfordringane til dei marine næringane.

Onsdag vitja fiskeriminister Per Sandberg fellesstanden til Vestlandet og fekk møte både politikarar, administrasjon og næringsaktørar.

Tok opp politisk sak

Sogn og Fjordane fylkeskommune nytta Aqua-Nor til å adressere ei politisk sak som Vestlandsrådet vil engasjere seg i: Korleis kan vi endre forskrifta som i dag i praksis forbyr landbasert akvakultur av matfisk i dei nasjonale laksefjordane.

Dette er i dag ei hindring for utvikling av landbasert akvakultur i mange område langs kysten. I Sogn og Fjordane er delar av alle dei store fjordane kategoriserte som nasjonale laksefjordar, noko som i praksis kan leggje band på ei utvikling av luse- og rømmingssikre anlegg på land.

Fiskeriminister Per Sandberg i samtale med fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Jon Aasen i Møre og Romsdal på havbruksmessa Aqua-Nor i Trondheim i august 2017.
Fiskeriminister Per Sandberg i samtale med fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Jon Aasen i Møre og Romsdal.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00