Velferdsfellen – konferanse 7. april

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medarrangør når NHO Sogn og Fjordane inviterer til Årskonferansen 2011 i Florø 7. april. Tema for konferansen er korleis vi skal unngå å hamne i ”Velferdsfellen”.

– Det er godt å leve og jobbe i Norge. Verdiskapingen er høy takket være et dyktig næringsliv. Når alt går bra er det lett å sitte stille. Sitter vi stille kan vi havne i ”Velferdsfellen."

Det skriv NHO i invitasjonen til konferansen, der blant andre bedriftsleiarar, politikarar og representantar frå det offentlege for å diskutere korleis vi her i landet skal unngå å gå i nettopp denne fella.

Blant dei som tek turen til Flora samfunnshus den 7. april er NHO-president Kristin Skogen Lund, kommentator i nettavisa E24 Elin Ørjasæter, nestleiar i Høgre Jan Tore Sanner og gründer Shahzad Rana.

NHO Sogn og Fjordane arrangerer konferansen ”Velferdsfellen” i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, Sparebanken Vest og Nav.

Påmelding til, og meir informasjon om, konferansen finn du på nettsidene til NHO Sogn og Fjordane.

Del dette:

Relaterte lenker