k 3cy 8panq 2
k 3cy 8panq 2

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vegtrygging, klima og vedlikehald viktig for Vestland

Fylkesutvalet vedtok torsdag sitt innspel til ny Nasjonal transportplan. Der peikar fylkespolitikarane på overordna utfordringar som må løysast innan samferdsla i regionen framover.

– Næringsliv og befolkning må kunne sikre sitt mobilitetsbehov med trygge, effektive og klimavenlege transportformer og infrastruktur som byggjer opp om dei overordna målsettingane. Store delar av fylket er prega av vanskelege kommunikasjonsforhold, låg vegstandard og mange utrygge vegar og jernbanestrekk med høg rasfare, er beskjeden frå eit samrøystes fylkesutval.

Politikarane meiner den nye transportplanen må løysa desse utfordringane på ein betre måte enn dei prioriteringane som er gjort i gjeldande plan.

Svarer på invitasjon frå departementet

Vedtaket er svar på ein invitasjon frå Samferdsledepartementet om å gje innspel om hovudutfordringar på transportområdet i samband med Nasjonal transportplan 2022–2033.

Departementet har bede fylka om å vurdere og prioritere dei viktigaste utfordringane som må løysast i fylka i dag og i framtida. Einskilde vegstrekningar og liknande har ikkje vore tema i denne omgangen.

Omfattande ønskeliste

Øvst på lista i vedtaket frå fylkesutvalet står skred- og flaumsikring, vedlikehald av vegnettet og reduksjon av klimagassutslepp frå transporten.

Også ferjeavløysing, breibandutbygging, omkøyringsvegar og ladeinfrastruktur for el-bilar vert trekte fram som viktige område for utviklinga i regionen.

Les heile vedtaket her (pdf)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713