Foto av arbeidarrepresentant Hilmar Høl på talarstolen under fylkestinget i oktober 2015. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Foto av arbeidarrepresentant Hilmar Høl på talarstolen under fylkestinget i oktober 2015. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hilmar Høl er leiar av hovudutval for plan og næring, som har jobba særleg med den nye industristrategien. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vedtok industristrategi

Fylkestinget vedtok 13. oktober Industristrategi for Sogn og Fjordane 2016–2025.

Den nye industristrategien er del av verdiskapingsplanen, som fylkestinget vedtok i 2014. Målet no er å samle industrispørsmåla som i utgangspunktet var spreidde i ulike satsingar, i ein eigen strategi.

Fylkestinget legg særleg vekt på samordning av energi-, klima- og industripolitikken som viktig for energifylket Sogn og Fjordane.

Verktøy for tilrettelegging

Industristrategien har blitt til med klar medverknad frå ulike delar av næringsliv og offentlege institusjonar i fylket, både gjennom intervju og ein grundig høyringsrunde.

Strategien skal vere eit verktøy for hjelpemiddelapparatet, som skal leggje til rette for verdiskaping i industriverksemder og hjå leverandørane til industriverksemdene i fylket. Blant dei som skal følgje opp strategien – og verdiskapingsplanen – er fylkeskommunen, Fylkesmannen, NHO, Nav og Innovasjon Norge.

Heile dokumentet

Industristrategi for Sogn og Fjordane 2016–2025.

(Endeleg versjon vert tilgjengeleg når han er klar. Fylkestinget vedtok mindre justeringar under handsaminga 13. oktober 2015).

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00