Steinvik Fiskefarm
Steinvik Fiskefarm

Lena Søderholm

Utlysing av fondsmidlar i MAREKO

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar frå MAREKO (Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond), med søknadsfrist 1. september 2019.

Storleiken på fondet vil variere frå år til år, men minimum årleg inntekt for fondet er kr. 2 mill. Av dette skal minimum 30 % nyttast til nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.

 

Det overordna føremålet med fondet er å bidra til rekrutteringa til akvakulturnæringa. Dette skal skje gjennom å auke attraktivitet for vidaregåande opplæring i akvakultur og anna vidaregåande opplæring som støttar denne næringa sitt behov for fagkompetanse.

 

Midlane frå fondet skal nyttast til marine rekrutterings- og utviklingstiltak, hovudsakleg innan akvakultursektoren.

Tiltak og prosjekt som får støtte frå fondet skal ha ei klar forankring i dagens Sogn og Fjordane. Dei skal også vere i tråd med hovudmåla i regional plan for verdiskaping i Sogn og Fjordane (Verdiskapingsplanen).

​​Du kan lese meir om tilskotsordninga her.

Søknadsfristen er 1. september 2019.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00