Utfordringar ved omlegging til lav- og nullutslepp

Skal ein ha mål om å kraftig reduksjon i klimagassutslepp frå vegnettet i fylket må ein få på plass ein infrastruktur som gjer det praktisk mogleg for folk og bedrifter og velje lav- og nullutsleppsteknologi for transport. Det er per i dag ingen utarbeida plan for ein heilskapleg utbygging av ein slik infrastruktur mellom ulike forvaltningsnivå, og mellom det offentlege og private. 

Vidare er det ingen plan for kven som skal ta kostnadane knytt til utbygging og drift av til dømes hurtigladestasjonar på fylkesvegnettet. Det er også spørsmålsteikn om kven som skal eige infrastrukturen på lengre sikt, og dermed stå for drift- og vedlikehaldsansvar. Denne utfordringa blir ikkje mindre med tanke på usikkerheit over kva motorteknologi som vil vere rådande på lengre sikt.

Fylkeskommunen har mellom anna moglegheit til å:

  • Initiere og støtte forsking, utvikling og fullskala utprøving.
  • Støtte etablering av infrastruktur for ladning, distribusjon og sal av nye drivstofftypar.
  • Sikre føreseielege og langsiktige støtteordningar og insentiv som aukar næringsaktørar si vilje til å investere.

Ein bør også ha med i rekninga at fleire elbilar fører til betre lønsemd for ladeoperatørane. Dess flere elbilar, dess større sannsyn for at nyetableringar vil fortsette utan offentleg støtte.

Som vi ser av statistikken er Sogn og Fjordane blant dei fylka med lågast andel elbilar, noko som heng tett saman med spreidd busetnad og store avstandar. Sjølv om busetnaden i fylket er spreidd, bur fleire og fleire i såkalla bu-arbeid- og serviceområder med overkommeleg pendlaravstand til jobb og fritidsaktivitetar, også ved bruk av eksisterande lav- eller nullutsleppsteknologi.

Ei potensiell utfordring kan vere innbyggjarar sine oppfatningar av bruksområda til grøn teknologi, og tanken om at bilar driven av hydrogen eller elektrisitet er heilt og halden for bruk i sentrale strok, som til dømes korte køyreturar i bysentra. Ein bør difor også ta sikte på haldningsendrande arbeid for å auke omstillingstakta over til ein meir fossilfri vegtransport.

 

 

Del dette:

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00