Utdanning

Talet på studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.I 2014 var det registrert 3428 studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Dette utgjorde 3,9 prosent av den samla studentmassen ved dei statlege høgskulane i landet. 564 kandidatar var ferdige med ei grad eller ei vitnemålsgjevande utdanning ved HiSF, medan 1359 blei registrert fyrste gong ved høgskulen i 2014.

Registrerte studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.Avdeling for samfunnsfag har 1151 studentar og er dermed den største avdelinga ved Høgskulen. Denne avdelinga rommar m.a sosialfagutdanningar (barnevern, sosionom og vernepleie) og økonomisk-administrativ utdanning (inkl. eigedomsmekling). Også Avdeling for lærarutdanning og idrett er stor (1085 studentar).

Tal studentar. Prosentvis endring. Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.Talet på studentar ved HiSF auka med 10,4 prosent frå 2010 til 2014. Berre Høgskolen i Stord/Haugesund, Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Nesna hadde lægre vekst i studentalet. For alle dei statlege høgskulane sett under eitt, var det ein auke i studentalet på 17,6 prosent i denne perioden. Størst, prosentvis vekst hadde Samisk Høgskole (58,5 prosent) og Høgskolen i Narvik (41,8 prosent).

Tal studentar. Endring. Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.Avdeling for samfunnsfag har og hatt den største veksten i talet på studentar. I 2014 var det 210 fleire som studerte ved avdelinga enn 4 år tidlegare. Også ved avdeling for ingeniør- og naturfag har det vore ein stor auke i studenttalet (190 fleire studentar i 2014 enn i 2010). Avdeling for lærarutdanning og idrett har ein nedgang på 152 studentar.

Studentpoeng per student. Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.Gjennomsnittsstudenten ved dei statlege høgskulane tok 25,6 studiepoeng i løpet av 1. halvår 2014. Ved HiSF tok studentane i gjennomsnitt 24,5 studiepoeng, 1,1 studiepoeng mindre enn landssnittet. Høgskulen i Sogn og Fjordane ligg midt på treet blant statlege høgskular når det gjeld oppnådde studiepoeng per student. Høgskulane i Trøndelag hadde størst studiepoengproduksjon per student 30,9 studiepoeng blant studentar ved Høgskolen i Sør-Trøndelag og 29,1 studiepoeng ved Høgskolen i Nord-Trøndelag).

Strykprosent. Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.8,2 prosent av kandidatane som var opp til ein eksamen ved dei statlege høgskulane strauk i 1. halvår 2014. Det tilsvarande talet for HiSF var 6,5 prosent. 5 av høgskulane hadde lægre strykprosent enn Høgskulen i Sogn og Fjordane. Aller lægst hadde Høgskulen i Volda der berre 3,6 prosent av kandidatane strauk til eksamen.

Kjelde for alle figurane: Database for statistikk om høgare utdanning. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.

Relevante lenkjer:
Utdanningsstatistikk

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00