fylkesordførar Jenny Følling utandørs på oljeplattforma Gjøa, iført raud vernedress og hjelm og vernebriller, i lag med olje- og energiminister Terje søviknes og ordførar i Flora Ola Teigen og representantar for oljebransjen. Blå himmel og hav bak
fylkesordførar Jenny Følling utandørs på oljeplattforma Gjøa, iført raud vernedress og hjelm og vernebriller, i lag med olje- og energiminister Terje søviknes og ordførar i Flora Ola Teigen og representantar for oljebransjen. Blå himmel og hav bak

Fylkesordførar Jenny Følling (i midten) møtte olje- og energiminister Terje Søviknes (til venstre) og ordførar i Flora Ola Teigen (til høgre) for å sjå på moglegheiter for fylket ved eventuelle utbyggingar i Nordsjøen.

Utbygging på oljefelt i Nordsjøen må synast att i fylket

Stortinget skal våren 2018 vedta plan for utbygging på m.a. Snorre-feltet. – Dette må gje auka aktivitet i Flora-området, sa fylkesordførar Jenny Følling då ho vitja Gjøa-plattforma i lag med olje- og energiminister Terje Søviknes. 

Også ordførar i Flora Ola Teigen og representantar for petroleumsbedrifter og operatørselskap som Engie, Statoil, Shell, Wintershall og Total var invitert med på Gjøa-plattforma torsdag 3. august.

Fleire arbeidsplassar i Flora-området

I tillegg til eventuell utbygging på Snorre-feltet er det og venta plan for utbygging og drift av Skarfjell-feltet, som vert direkte knytt til Gjøa-plattforma. – Det er mykje interessant på gang og det er viktig for Sogn og Fjordane at vi kjem i posisjon no, sa Jenny Følling. – Eventuelle utbyggingar vil bety mykje for fylket, det må synast att i fleire kompetansearbeidsplassar og auka næringsutvikling i Flora-området. Ho understreka at forsyningsverksemda er viktig for kommune og fylke, og sysselset mange.

Møte på Fjord Base

Dei inviterte fortsette diskusjonane i eit påfølgjande møte på Fjord Base i Florø, der moglegheiter for Florø og området rundt ved ei eventuell utbygging var tema.

Kontakt:
Jenny Følling
fylkesordførar, Sogn og Fjordane
tlf.: 479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713