Fem finkledde personar står ved ein plakett utanfor Urnes stavkyrkje.
Fem finkledde personar står ved ein plakett utanfor Urnes stavkyrkje.

Markering og avduking av plakett i høve 40-årsjubileum for Urnes stavkyrkje på Unesco-verdsarvlista. Frå venstre: klima- og miljøminister Ola Elvestuen, leiar i Den norske UNESCO-kommisjonen Tora Aasland, fylkesordførar Jenny Følling, ordførar i Luster kommune Ivar Kvalen og riksantikvar Hanna Geiran. Foto: Arlen Synnøve Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Urnes stavkyrkje 40 år på verdsarvlista

I 2019 er det 40 år sidan Urnes stavkyrkje vart innskriven på UNESCO si verdsarvliste, som den første i Noreg. Jubileet vart høgtideleg markert denne helga.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen avduka ein ny verdsarvplakett ved stavkyrkja saman med Marit Aakre Tennø, varaordførar i Luster kommune og leiar i Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande områder.

Fylkesordførar Jenny Følling kom med ei helsing frå fylkeskommunen der ho i tillegg til verdsarvstatusen la vekt på kor viktige lokalsamfunnet og kommunen sitt engasjement er for at vi saman skal kunne ta godt vare på verdsarvverdiane som stavkyrkja representerar. I tillegg la ho vekt på dei moglegheitene som ligg i verdsarvstatusen i forhold til nærings- og lokalsamfunnsutvikling.

Riksantikvar Hanna Geiran og leiar av Den norske UNESCO-kommisjonen Thora Aasland kom med helsingar.

Urnes stavkyrkje er eigd av Fortidsminneforeningen, og arrangementet var ein del av deira markering av at foreninga i år har 175 års jubileum. Leiar i Fortidsminneforeningen Margrethe C. Stang heldt omvising i stavkyrkja med presentasjon av «Urnesprosjektet» til alle som deltok. Urnesprosjektet er eit forskingsprosjekt som ser på Urnes stavkyrkje med nye blikk og ser stavkyrkja som ein del av den felleseuropeiske kulturarven.

Urnes vart bygd i andre halvdel av 1100-tallet, og er ei av de eldste og best bevarte av dei 28 stavkyrkjene som framleis finst i Noreg. Både arkitektonisk, kunsthistorisk og som kunnskapskjelde er Urnes unik blant stavkyrkjene.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut