Foto som syner leiar og nestleiar i ungdomspolitisk utval, Emma Berge Ness og Rune Holsen Nygård, då dei møtte fylkestinget på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 18. oktober 2016.
Foto som syner leiar og nestleiar i ungdomspolitisk utval, Emma Berge Ness og Rune Holsen Nygård, då dei møtte fylkestinget på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 18. oktober 2016.

Emma Berge Ness og Rune Holsen Nygård er leiar og nestleiar i Ungdomspolitisk utval. Dei møtte fylkestinget og fronta dei unge si sak på fylkestinget i Førde 18. oktober. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

UPU: Vi er her for dykk

Leiar og nestleiar i Ungdomspolitisk utval (UPU) møtte fylkestinget denne veka. Oppmodinga frå ungdomane var klar: Bruk oss, vi er her for dykk!

Ungdomspolitisk utval skal fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og unge. På fylkestinget 18. oktober presenterte Emma Berge Ness og Rune Holsen Nygård arbeidet sitt – og meiningane sine – for fylkestingspolitikarane.

Viktig arbeid

Rune Holsen Nygård er nestleiar i UPU. Han fortalde om fylkesting for ungdom, om nettverkssamlinga UPU arrangerer, og fadderordninga dei har for ungdomsråda i fylket. Han avslutta innlegget sitt med å oppmode alle fylkestingspolitkarane om å kome på fylkesting for ungdom i mars 2017.

– Vi er her for dykk, og for at demokratiet i fylket skal fungere, sa han.

Anna perspektiv

Leiar for UPU, Emma Berge Ness, heldt fram der Nygård avslutta. Ho slo fast at det er viktig å lytte til ungdomane.

– Det er nemleg vi som går på skulane de styrer. Det er vi som tek bussane de set opp og deltek på kulturelle events – eventuelt ikkje gjer det, fordi tilbodet ikkje er der. Det er klart vi meiner noko om det som angår oss, og vi ser det frå eit anna perspektiv enn de gjer, sa ho.

To viktige saker

Ungdomspolitikarane tok også opp to konkrete saker, som UPU er spesielt opptekne av akkurat no: psykisk helse og regionreforma. Ness fortalde at fylkesting for ungdom vil innføre obligatorisk samtale med helsesøster i den vidaregåande skulen. Dei vil sikre at elevane har eit godt team rundt seg, eit team med til dømes helsesøster, miljøkoordinator og psykolog.

Når det kom til regionreforma, viste Ness til engasjementet om temaet på fylkesting for ungdom, der det vart vedteke ein uttale om å oppretthalde Sogn og Fjordane som eige fylke.

For meir informasjon

Emma Berge Ness
959 02 183
emma-ness@hotmail.com

Rune Holsen Nygård
401 60 739
rune.nygaard@hotmail.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713