Ungdomsundersøkinga 2013

– Undersøkinga er viktig for å kunne jobbe systematisk og målretta med å utjamne sosiale helseskilnader og arbeide for best mogleg livskvalitet for den einskilde, seier fylkesdirektør for plan og samfunn Svein Arne Skuggen Hoff.

Eigenopplevd helse

Ungdomsundersøkinga viser at det store fleirtalet av elevane rapporterer at dei har svært god eller god helse.

Undersøkinga viser at 27 prosent av jentene i 10.klasse beskriv eigenopplevde helse som enten ganske god eller dårleg. Dette er ein auke frå 8.klasse, og er ein generell trend i slike undersøkingar. Landsgjennomsnittet for jenter i 10. klasse I 2009/10 var på 18 prosent (HEVAS/Norge[1]), noko som inneber at den sjølvopplevde helsa blant 10. klassejenter ikkje ser ut til å vere betre Sogn og Fjordane enn i landet elles.

Fleirtalet av elevane kjenner seg aldri eller av og til einsame. Prosentdelen som opplever einsemd aukar med aukande klassetrinn. Jenter kjenner seg meir einsame enn gutar på alle alderssteg. Kvar femte jente i 10.klasse kjenner seg veldig ofte eller ganske ofte einsam.

Alkohol

Det kan sjå ut til at rusing på alkohol avtek i ungdomsmiljøa over tid. Likevel har 12 prosent av både jentene og gutane i 10.klasse, drukke seg fulle på alkohol minst to gonger i løpet av skuleåret.

Fysisk aktivitet

Eit klart fleirtal av elevane er fysisk aktive. 30 prosent av gutane og 23 prosent av jentene er fysisk aktive i minst 1 time fem dagar eller meir kvar veke. Samtidig har 20 prosent av gutane og 23 prosent av jentene i 10.klasse berre ein eller ingen dagar i veka med tilrådd mengde fysisk aktivitet (minst 1 time). Delen av unge som ikkje er i aktivitet aukar for begge kjønn frå 8. til 10.klasse, mest for jenter.

Mobbing

Prosentdelen av elevane som ikkje opplever mobbing er større blant dei eldste elevane. Medan 72 prosent av 6.klassingane svarar at dei aldri vert mobba, gjeld dette 85 prosent av 10.klassingane. 2 til 5 prosent av alle elevane svarar at dei blir mobba kvar veke eller oftare.

Vekt

Det er stor skilnad mellom følt og faktisk overvekt blant jenter, medan det blant gutane er mange som ønskjer å gå opp i vekt. Halvparten av jentene og berre femteparten av gutane i 10.klasse føler seg for tjukke. Denne prosentdelen aukar med aukande klassetrinn. Samstundes viser den sjølvoppgjevne kroppsmasseindeksen (BMI) at kvar femte jente og kvar sjette gut i 10. klasse er overvektig.

Fakta

Undersøkinga er den andre av tre langsgåande ungdomsundersøkingar i Sogn og Fjordane. Siste undersøking, som for mange spørsmål følgjer Verdas Helseorganisasjon (WHO) sin mal, er planlagd i 2015. Ungdomsundersøkinga er eit ledd i arbeidet til fylkeskommunen for å få oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar han.

Resultata frå undersøkinga skal kommunar og fylkeskommunen nytte i arbeide med utjamning av sosiale helseskilnader, med dei verkemiddel vi har, og arbeide for best mogleg livskvalitet for den einskilde.

Ungdomsundersøkinga er ei kartlegginga av helse, miljø og livsstil blant 6., 8. og 10.klassingar i Sogn og Fjordane. Dei lokale Folkehelsekoordinatorane har saman med skular og skulehelsetenesta vore sentrale i datainnsamlinga. Ansvarleg for undersøkinga er professor Eivind Meland ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen. Medforfattar av rapporten er Hans Johan Breidablik, Fagdirektør i Helse Førde. Undersøkinga er finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Her kan du lese heile rapporten.

Rapporten kan du òg finne på Fylkesspegelen.

 

Kontaktpersonar:

Svein Arne Skuggen Hoff
Fylkesdirektør, plan og samfunn
Sogn og Fjordane fylkeskommune

E-post: svein.arne.hoff@sfj.no
Tlf: 918 88 868

 

Anne-Lene Norman
Seniorrådgjevar, plan- og samfunnsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: anne-lene.norman@sfj.no
Tlf: 415 30 378

 

[1] Helsevanar blant skuleelever. Ei WHO- undersøking i fleire land, deriblant Noreg.

Del dette:

Relaterte lenker