Foto av alle ungdomane som deltok på fylkesting for ungdom 2019. Biletet er teke på Skei, med Jølstravatnet i bakgrunnen.
Foto av alle ungdomane som deltok på fylkesting for ungdom 2019. Biletet er teke på Skei, med Jølstravatnet i bakgrunnen.

Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ungdomstinget drøfta klima, skuletilbod og medverknad

Ungdommar frå heile fylket var samla på Skei 5.–7. april for å delta på fylkesting for ungdom. Der har dei blant anna valt nytt ungdomspolitisk utval.

Fylkesting for ungdom er det øvste talerøyret til ungdommen i Sogn og Fjordane. Ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og politiske ungdomsparti deltok på tinget.

Nytt ungdomspolitisk utval

Ungdomspolitisk utval (UPU) arbeider på vegne av fylkesting for ungdom mellom tingsetene, som er ein gong i året. Ungdomstinget vel medlemmane i UPU, og UPU 2019/2020 ser no slik ut:

Leiar: Marthe Teigen Refsnes, 17 år, Flora
Nestleiar: Leander Sunde, 16 år, Jølster
Medlem: Lisa Horpen, 17 år, Årdal (ikkje på val)
Medlem: Sofie Krumsvik, 17 år, Askvoll
Medlem: Mathilde Tjønneland, 17 år, Gaular


Foto av dei tre ungdomane, Lisa Horpen, Marthe Teigen Refsnes, Leander Sunde, framfor Jølstravatnet på Skei.
Lisa Horpen, Marthe Teigen Refsnes og Leander Sunde er tre av medlemmane i ungdomspolitisk utval for 2019/2020. Sofie Krumsvik og Mathilde Tjønneland var ikkje tilstades då biletet vart teke. (Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Ny leiar

Marte Teigen Refsnes, ny leiar i ungdomspolitisk utval, gler seg til å ta fatt på oppgåva.

– Eg synst at det å bli valt som leiar i UPU er veldig kjekt, og eg takkar veldig for tilliten. Elles har eg tru på at vi i UPU skal få det veldig kjekt i lag, og få til masse bra saman, seier Refsnes.

Fråsegner

Fylkesting for ungdom har vedteke fleire fråsegner, mellom anna om klima og miljø, medverknad, skuletilbod- og helseteneste, kultur og kollektivtilbodet i fylket.

Referatet frå fylkesting for ungdom 2019 med dei vedtekne fråsegnene vert lagt ut på fylkeskommunen sine nettsider så snart det er klart.

Om ungdomspolitisk utval

Ungdomspolitisk utval (UPU) følgjer opp vedtak gjort av fylkesting for ungdom og rapporterer tilbake om måten dei har følgt opp vedtaka sidan førre ungdomsting. UPU skal fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og ungdom.

UPU står for planlegging og gjennomføring av ei årleg nettverkssamling for ungdomsråda i kommunane og det årlege fylkestinget for ungdom.

For meir informasjon

Marthe Teigen Refsnes
leiar, ungdomspolitisk utval
ungdomspolitiskutval@sfj.no
415 48 481

Guro Høyvik
rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713