r 4t 6r 4qxbe
r 4t 6r 4qxbe

Ungdomsblogg

Blogg er ein populær plattform, og mange bloggarar når eit stort publikum. Det er mange flotte nynorskbloggar, men det kunne ha vore mange fleire.

Mange vel å endre målføre frå nynorsk til bokmål når dei bloggar. Dette prosjektet ser på kva som kan gjerast for å inspirere fleire unge bloggarar frå Sogn og Fjordane til å skrive nynorsk.

Dei mest populære bloggane blant ungdom er ofte personlege og handlar gjerne om mote, trening, helse, sminke, musikk, interiørdesign, mat og kvardagsliv. Det vert ofte sagt at forfattaren må skrive personleg og gi av seg sjølv for at ein blogg skal fungere. For unge i Sogn og Fjordane er stort sett bokmål eit andrespråk, og ikkje nødvendigvis det beste målføret når ein skal skrive personleg og engasjerande. 

Bloggkurs og -stipend

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil i prosjektet «Mine meiningar på mitt språk» arrangere gratis bloggkurs samt premiere gode nynorskbloggarar med eit bloggstipend. Dei som ønskjer å delta i prosjektet må vere mellom 15 og 27 år og bu i Sogn og Fjordane. Alle som fyller desse kriteria kan sende inn ein søknad som vert handsama av Ungdomspolitisk utval og kulturavdelinga i fylkeskommunen. På bakgrunn av søknadane og i tråd med eit sett kriterier får ti ungdomar tilbod om ei gratis kurshelg og eit skriveprogram med bloggstipend. Søknadsfristen er torsdag 27/8. 

Meir om prosjektet og lenke til søknadsskjema

Del dette:

Kontakt

Sigrun Espe
Rådgjevar
sigrun.espe@sfj.no
990 44 666

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00