npj 8gbqj 6n
npj 8gbqj 6n

På UKM-festivalen 2018 opptrådte mellom andre Gloppen kulturskule sitt slagverkensemble. Foto: Ida Emile Bruhn Henriksen/UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune

UKM-festivalen 2019 til Vågsøy

UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i 2019 arrangert 29.–31. mars i Nordfjordhallen i Måløy. Vågsøy kommune er hovudarrangør for festivalen.

– Vi lovar ein flott festival der ungdom skal få sette sitt preg på alle sider ved arrangementet slik det skal vere når det er UKM-festival, seier tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune Odd Gunnar Myhre.

Kring 250 ungdommar frå heile fylket er venta til Måløy under festivalen. Kommunen har alt starta planlegginga, då det er mykje som skal på plass. Fylkeskommunen er også med og samarbeidar om arrangementet.

Nordfjordhallen er ein kompakt arena, der alt under festivalen kan skje under same tak. Bygget inneheld både ein kulturdel og ein idrettsdel, og rommar årleg mange store arrangement og tilstellingar.

Måløy vidaregåande skule, som ligg vegg i vegg med Nordfjordhallen, blir ein viktig samarbeidspart. Det same blir Sogndal vidaregåande skule, som skal ha ansvar for fleirkameraproduksjonen som blir laga under festivalen.

– Det kjem til å bli ein veldig bra festival, seier Eva Kristin Svidal, fylkeskontakt for UKM i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Kontakt

Eva Kristin Svidal
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Eva.Kristin.Svidal@sfj.no
911 69 693

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00