Politikarane i fylkesutvalet saman med representantar for Kirkens bymisjon, som står bak tv-aksjonen i 2018. Dei held plakatar med slagordet Mindre alene sammen.
Politikarane i fylkesutvalet saman med representantar for Kirkens bymisjon, som står bak tv-aksjonen i 2018. Dei held plakatar med slagordet Mindre alene sammen.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tv-aksjonen vekte engasjement hos fylkesutvalet

«Mindre åleine saman» er temaet for Tv-aksjonen NRK 2018, som går til Kirkens bymisjon. Fredag 31. august møtte dei fylkesutvalet og orienterte om arbeidet sitt.

Assisterande generalsekretær Johannes Heggland og fylkesaksjonsleiar Oddrun Midtbø i Kirkens bymisjon fortalte politikarane om korleis dei jobbar for eit varmare og meir inkluderande samfunn. Medlemene i fylkesutvalet gav støtte til arbeidet og håpa på stor oppslutnad blant innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Midlane som kjem inn i tv-aksjonen skal mellom anna gå til å gje dei som treng det ein stad å sove, ein sosial møteplass og ein jobb å gå til. Dei vil også leggje til rette for fleire møte mellom folk med ulik alder og bakgrunn.

Allereie no kan du kan du melde deg som bøsseberar eller bidra på andre måtar til tv-aksjonen 21. oktober. Sjå www.blimed.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut